Diskusjon:Bokstavrim

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skilnad mellom vokalane? Er det rett då? Rett nok reknar en at ulike vokalar allittererar, men det seier vel ikkje at like ikkje gjer det? Eg har lært at setninga Apt allitterations artful aid visar korleis a-ane allittererar, sett burt frå a-en i allitteration som ikkje er trykksterk. --Ekko 14. okt. 2005 kl. 12:15 (UTC)

Einig, eg stussa òg litt over den delen av definisjonen. Når det gjeld regla di, er det vel ein a nummer to i alliteration som er trykksterk? -- Ranveig 14. okt. 2005 kl. 12:22 (UTC)
Det er lydar som rimar, ikkje bokstavar. I dømet over er det ulike vokallydar som blir skrivne med a. I dei trykksterke stavingane er den første a-en /æ/, den andre /ei/, den tredje /a/, den fjerde /ei/. Som de ser, er berre nr 2 og 4 like. Dette er altså eit bokstavrim med dels ulike vokallydar. --Erling 14. okt. 2005 kl. 17:06 (UTC)
Ja, vokallydane er ulike. Men det er dei i dei andre eksempla òg. Det er, såvidt eg kan forstå, vokalansatsen som bør sjåast på som den felles konsonanten i dette og liknande fall. Med det utgangspunktet blir det lett å forklara «ikkje undra Ørnulf seg ansande over dei eitrande, ilske ormane». -- Olve 16. okt. 2005 kl. 07:15 (UTC)