Diskusjon:Brødrene Løvehjerte

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Transkribering av islandsk þ[endre wikiteksten]

Grunnen til at eg skreiv «Þingvellir» på norsk («Tingvellir») var at kvar gong eg ser at folk som ikkje kjenner til islandsk les ord som begynner på 'þ' trur dei at det er ein 'p'. Dette skjer veldig ofte. Difor trur eg kanskje det er best å nytte 'th' for 'þ', og kanskje bare 't' i ord som har ein norsk form, til dømes Tingvellir. --KRISTAGAα-ω 5. mai 2005 kl. 2140 (UTC)

Ja, eg ser no problemet... (Prymskvida skjer no litt i øra òg... Og påttur i staden for þáttur...) Men eg er ikkje så sikker på at «Tingvellir» kan reknast som ei fulleleg etablert norsk form. Språkrådet tilrår forma «Þingvellir»,[1] og googlesøk viser:
  • Tingvellir: 178 treff [2]
  • Thingvellir: 1220 treff [3]
  • Þingvellir: 320 treff [4].
Ved søk på norske sider i Kvasir.no ser vi:
  • Tingvellir: 58 treff [5]
  • Thingvellir: 102 treff [6]
  • Þingvellir: 50 treff [7]
Så om du vil halde deg til Språkrådet, så er forma «Þingvellir» rettast; om du vil halde deg til utbreidd språkbruk er forma «Thingvellir» den mest bruka. Forma «Tingvellir» har ulempen at ho verken er tilrådd eller vanleg.
Eg trur i alle fall at presist er betre enn populært/feil. Trur det er betre at vi arbeider for å lære folk kva dei skal gjera med islandske og norrøne bokstavar enn å bryte språkrådsvedtak berre for å tekkjast «dei som ikkje veit betre».
-- Olve 5. mai 2005 kl. 2211 (UTC)
Eg har vori på eit foredrag der det blei snakka masse om den store elva Pjórsá på Island. Det tok litt tid før eg skjønte at det var Þjórsá dei meinte.
Viss Språkrådet anbefalar Þ har dei sikkert tenkt mye på det. Kan ei løysing vera å trikse litt med wiki-koden, til dømes Þingvellir, der Thingvellir er ei omdirigering til Þingvellir? Eller kanskje Þingvellir (þ-en er lenka til th). --KRISTAGAα-ω 5. mai 2005 kl. 2227 (UTC)
Ikkje heilt sikker på kva du vil oppnå med dette: om Þingvellir blir sendt til Thingvellir, som i sin tur er ei omdirigering til Þingvellir, så er det berre meir koding og same resultat som om ein lagar den enkle lenkja Þingvellir med ein gong. Og eg trur at dei som er observante nok til å sjå at første bokstaven i Þingvellir er lenka til ein eigen artikkel truleg allereie har funne ut at dette ikkje er ein P... Noko vi eventuelt kunne gjera er å leggje til forklarande parentes med forenkla lydskrift etter slike ord der vi meiner det trengst: Þingvellir (utt.: [thing-]); Þjórsá (utt.: [thjours-] Olve 5. mai 2005 kl. 2236 (UTC)
Hehe, ja som vanleg gjør eg ting så mye meir komplisert enn det bør vera. Tanken min var at viss noen held muspeikaren over Þingvellir så kjem ordet opp som Thingvellir på skjermen før ein evt. klikkar. Den andre varianten vil nok dei færraste merke. Så, jo det er kanskje greiast å bare ha vanlege peikarar og ei forenkla lydskrift i artikkelen. --KRISTAGAα-ω 6. mai 2005 kl. 0209 (UTC)