Diskusjon:Brennbart

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det ligg ein samling rask av lenkjer og sitat på Brukar:Krekling/brennbart. Eg er sjølv litt usikker på kor langt eg kan sitere og samanlikne ulike kjelder før det vert original research, men kanskje det ville vert drøyt å ikkje vere kjeldekritiske imot H-F Dahl, L R Langslet og ein gjeng bokbålingar. --Krekling 13:17, 7 februar 2008 (CET)-

Klart du kan vera kjeldekritisk. Men å vera kjeldekritisk er ikkje det same som å setja kjelder opp mot kvarandre, det er å undersøkja at kjeldene faktisk seier det som det vert påstått at dei seier, og sjølvsagt å undersøkja kva slags kjelder det er. Ei kjelda som er eit vitskapleg prov for ein påstand er sjølvsagt betre enn ein avisartikkel der nokon har kome med påstanden. Ting er ikkje (leksikon-)sant sjølv om det står i avisene, i eit vekeblad eller på internett. Sitat frå deltakarar i ein debatt er ikkje kjelder for kven som har rett, om det er det du leitar etter. Det som kan vera gode kjelder for å hevda at Fløgstad har rett eller vrangt er utsegner frå målrørsla, riksmålsrørsla og nazistane på 1940-talet. Avisartiklar er berre kjelder for dine eigne påstandar om kva debattantane har sagt. No er det jo heller ikkje Wikipedia si oppgåva å avgjera kven som har rett. Men du kan jo godt ta med t.d. nokre ord om Dahl sin sympati for holocaustfornektaren David Irving (sjå en:David Irving), så kan jo lesarane avgjera sjølv kven av debattantane som har dei beste kjeldene...
Generelt bør vel artikkelen ha meir vekt på kva som står i pamfletten til Fløgstad enn på kva andre seier og meiner om han. --Tannkrem 13:43, 7 februar 2008 (CET)
Her står det forresten litt om NS si rettskrivingsreform: [1].

Det er gode råd du kjem med. Eg får sjå meir på dette seinare, men eg veit ikkje om eg får tak i originalkjeldene som Fløgstad nemner. (Eg har både Brennbart og motsvaret "Ut med språket" til Finn-Erik Vinje i bokhylla om nokon skal ha eit sitat ifrå desse to.) Kanskje artikkelen bør delast i ein del om stoffet i Brennbart og ein del om innspela etterpå, med ei lenkje til ein annan wikipediaartikkel der problematikken motkultur vs. nazisme kunne bli gått igjennom. Eg trur evt. slakt av Dahl først og fremst bør vere ein stutt omtale av han som svært omdiskutert, med ei lenkje til biografisida. Det er mykje av det norske kjendisintellektuelle som gjekk i tåttane på kvarandre i etterkant av boka, og dermed av noko offentleg interesse. --Krekling 14:30, 7 februar 2008 (CET)

Skryt ifrå statsråd og målrørsle:

- Fløgstad koplar solid dokumentasjon med skarp litterær eleganse. Med pamfletten Brennbart dreiv han fram ein av dei viktigaste språkpolitiske debattane i seinare tid, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

http://www.regjeringen.no/nb/dokumentarkiv/Regjeringen-Bondevik-II/Kultur--og-kirkedepartementet/422556/255629/kjartan_flogstad_er_arets_nynorskbrukar.html?id=256629 --Krekling 2. juni 2008 kl. 04:10 (CEST)[svar]

nynorskkrinsar?[endre wikiteksten]

Ein vekst på 864 nye nynorskkrinsar, ifrå 2210 i 1938 til 3074. [1] Til samanlikning eksisterte det då berre 2561 skulekretsar med riksmål. --Krekling 25. oktober 2008 kl. 21:52 (CEST)[svar]

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 24. august 2008 kl. 20:01 (CEST)[svar]

[daud lenkje]

  1. Brennbart s 44-45