Diskusjon:Britiske monarkar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen er upresis. Det løner seg å skilja ut dei ulike regentrekkene for England og Skottland, likeeins fyrstane i Wales der ein har oversyn over dei. Minner og om at engelske og skotske monarkar på ingen måte var "britiske", og at dette omgrepet berre er nytta statsrettsleg om tida etter at Storbritannia vart skipa.

EGM.

Vil og leggje fram at lista over "britiske monarkar" skal byrja med dronning Anne Stuart eller George I frå 1715, og ende med Elizabeth II så langt. Dei føre dette rekna seg berre som "konge av England"/"konge av Skottland". Dette er det mest historisk etterrettelege de kan få til.

EGM.

Ja, eg trur du har rett. Det er slik fleire andre wikipedier gjer det. Den noverande lista burde delast opp i engelske og skotske monarkar (nett no omdirigerer begge hit), så kan me kanskje ta inn ei fin liste med bilete frå en: eller noko slikt. --Ranveig 16. august 2011 kl. 12:16 (CEST)[svar]