Diskusjon:Bryllaupet mellom fyrst Albert II og Charlene Wittstock

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artikkelen er henta på engelsk Wikipedia og omsett. I den prosessen vart alt av referansar som er i den engelske utgåva plukka vekk, og "i staden" vert det lagt til at kjelda er engelsk wikipedia.

Det er ikkje meininga at folk skal måtte gå til engelsk wikipedia for å finne referansar for det som står her. Opplysninga om at artikkelen er omsett er der for å stette kravet i lisensen om at dei som produserer stoffet har rett på kreditering. Det er ikkje på nokon vis ei erstatning for referansar for fakta.

Om folk no vil sjekke faktagrunnlaget for det som står i artikkelen må dei gå om engelsk wikipedia. Der kan artikkelen ha vore mykje endra og referansane som stod der då artikkelen vart omsett kan vere plukka vekk. Denne måten å gjere det på er heilt uteneleg for brukarane av wikipedia på nynorsk.

I ei ideell verd var det referert til norskspråklege kjelder for det som står i artiklane her, eller referansane var minimum lesne av dei som legg inn artiklane, men minimum er at ein ikkje fjernar dei referansane som finst i originalartiklane. Det må leggjast til rette for at dei som les ein artikkel skal kunne sjekke om han er etterretteleg. Denne framgangsmåten er det eksakt motsette. Dette hefter ved heile produksjonen av omsette artiklar for den gjeldande brukaren, og dei førre brukarnamna hans. --178.232.155.95 29. mars 2012 kl. 10:37 (CEST)[svar]

Vyrde debattant. Av det du seier, høyrest det ut som om du har god erfaring med Wikipedia, sjølv om eg ikkje veit kven du er. Eg prøver her å forstå argumenta dine.
  • Du seier det ikkje er meininga at ein må gå til engelsk wikipedia for å sjekka referansane. Meiner du då at ein i alle artiklar som er omsette frå andre wikipediasider, bør inkludera dei opphavlege referansane? Eg er samd i at det vil gjera artikkelkvaliteten betre, men kvar har du denne regelen frå i wikipedia-reglementet? Isåfall er det svært mange artiklar som må forkastast, inkludert mange av mine, og denne diskusjonen burde flyttast til Samfunnshuset.
  • Du meiner dei fleste kjelder bør vera norskspråklege. Det innskrenkar drastisk kjeldetilfanget vårt, og eg er usamd i det. Når ein les ein wikipediaartikkel, må det gå an å lita på at artikkelforfattaren er i stand til å omsetja frå eit anna språk. Nynorsk Wikipedia ville blitt lite om ein berre skulle bruka norske kjelder (eventuelt svenske og danske).
  • Det siste du skriv, er vel hardt. Denne brukaren har gjort mykje godt arbeid for nynorsk wikipedia. Som alle oss andre, har han lov å gjera feil og læra av dei. HallvardLid (diskusjon) 30. mars 2012 kl. 01:24 (CEST)[svar]

Det viktigaste er å vere ærleg: at det står kva som er kjelde for artikkelen. Dersom engelsk wikipedia er kjelda, så er det kjelda. Dei som vil øve kjeldekritikk, kan i neste omgang vurdere om engelsk wikipedia er ei god eller dårleg kjelde. (Eg vil tru engelsk wikipedia her er ei god kjelde). På bokmålswiki meiner visst somme at wikipedia ikkje kan vere kjelde, og derfor opplyser dei ikkje om kjelde for omsette artiklar. VI har ein god praksis her på nnwp, noko denne artikkelen er eit døme på. --Knut (diskusjon) 30. mars 2012 kl. 07:39 (CEST)[svar]

Nei, dette er ikkje eit døme på god praksis eller ein god wikipedia-artikkel!
Her er massevis av døme på korleis det skal gjerast. Sjå t.d. artikkelen Trettiårskrigen. Referansane frå artikkelen han vart omsett frå er ikkje systematisk plukka vekk. Det legg til rette for at folk skal kunne sjekke faktagrunnlaget. (Likevel ville det gjere artikkelen endå betre om det var brukt referansar til det nyaste av vitskapleg norskspråkleg (eller svensk eller dansk) litteratur om emnet, der det finst.) At referansane ligg i artikkelen gjer at han skil seg fullstendig frå denne fyrstebryllaupsartikkelen.
No er de tydelegvis veldig skeptiske til meg sidan eg ikkje redigerer under eitkvart namn. Men det kunne eg også ha gjort på engelsk wikipedia. For det de veit er det eg som har skrive artikkelen på engelsk wikipedia. Kor god gjer det artikkelen, og kvifor skal dei som les artikkelen her måtte forhalde seg til det? Dei som les artiklar her skal få forhalde seg til det som faktisk står i artikkelen her, og få fylgje direkte lenkjer til nettsider som er brukt, eller tilvising til trykte kjelder. Dei les venteleg her fordi dei forstår norsk og nynorsk best. Kor lett er det for folk som ikkje er så veldig gode i engelsk å leite seg gjennom ein engelskspråkleg artikkel for å finne ut om opplysningane i nynorskartikkelen har noko referanse, eller berre er noko hærverk som vart lagt inn i den engelske artikkelen like før han vart henta hit?
Dette er ikkje hardt mot brukaren som har lagt inn denne artikkelen. Det er hardt mot dykk. --46.212.70.14 30. mars 2012 kl. 11:24 (CEST)[svar]

Det er sant at å klippa ut referansane trekk artikkelen ned. Det burde ikkje vera noko problem å la dei stå. Dei fleste engelske sitatmalane verker då her òg, så det blir ikkje noko omsetjingsarbeid. Det er sjølvsagt opp til kvar enkelt korleis dei vil omsetja ein artikkel, men om noko er utan kjelder må det merkast med det, og stoff som ikkje er kjeldebelagt kan takast ut. --Ranveig (diskusjon) 30. mars 2012 kl. 11:48 (CEST)[svar]

I ein tidlegare debatt vart det sagt at ein ikkje kan oppgje kjelder ein ikkje sjølv har sjekka. Ein kan altså ikkje kopiere kjeldelista når ein omset ein artikkel - det ville vere falskneri. Eg er samd i at Trettiårskrigen er eit godt døme på korleis det kan gjerast, og tar for gitt at kjeldene der er sjekka. Ein artikkel om eit fyrstebryllup er ikkje like viktig eit emne; her må ver vere lov å gjere det meir lettvint. --Knut (diskusjon) 30. mars 2012 kl. 12:30 (CEST)[svar]
Det er ikkje falskneri om ein oppgjev at kjeldene kom frå den andre artikkelen. Ein kan oppgje ei kjeldeliste frå ein annan artikkel med mal:omsett|kjelder= , eller skriva i fotnota at referansen kom frå den andre artikkelen, om ein ikkje kan eller vil sjekka dei. --Ranveig (diskusjon) 30. mars 2012 kl. 12:34 (CEST)[svar]
Det er meir arbeid å plukke vekk referansane enn å late dei stå, så om ein vil gjere det lettvint let ein dei stå. Å plukke dei vekk er litt meir arbeid for ein sjølv, og gjev mykje meir arbeid for nynorsklesarar som vil faktasjekke. Kvifor skal nynorsklesarar finne seg i slikt? Det har dei ikkje fortent. --46.15.139.199 30. mars 2012 kl. 13:15 (CEST)[svar]
Eg viste i stad til ein tidlegare diskusjon; han ligg arkivert i Wikipedia:Samfunnshuset/Arkiv/2008#Kjelder_i_omsette_artikklar.

Eg må krypa til krossen og innsjå at dette er gode argument! Frå no av vil eg prøva å inkludera fleire referansar frå den opphavlege artikkelen når eg omset mellom wikipediaartiklar. Samtidig er dette viktigast i store artiklar, slik som t.d. Trettiårskrigen. Alle artiklar bør ha ei kjelde av noko slag, men det går an å skriva mindre artiklar utan å ha masse referansar og greier. Frå den tidlegare diskusjonen, synest eg særleg brukaren Ekko seier noko bra. Han listar opp tre alternativ til kjeldebruk, der det beste kjem fyrst:

  1. Lese kjeldene til originalartikkelen, bruke dei som ein er einig i stør artikkelteksten (ikkje altid tilfelle!)
  2. Bruke malen som seier at 'denne artikkelen er omsett frå (språk) som oppgjev (kjelde) som kjelde'
  3. Berre merke artikkelen med 'omsatt frå...'.

HallvardLid (diskusjon) 30. mars 2012 kl. 13:57 (CEST)[svar]

(Endringskonflikt) Å på fordekt vis seie at stoffet er sikkert rett, sidan eg seier at eg har henta det frå ein annan wikipedia, men eg har ikkje lese referansane, og då treng ikkje du gjere det heller, kan aldri verte god skikk.
Som tidlegare hinta er det ideelle at den som har legg inn artiklar kjenner emnet og fagfeltet, og brukar berre det beste og mest oppdaterte av litteratur å referere til, og gjerne også er heilt oppdatert på det som er av norskspråkleg litteratur om emnet. Det er berre å innsjå at det sjeldan er sånn. Det nest beste er at den som legg inn omsett stoff sjekkar referansane, og ikkje minst er i stand til å forstå dei. Det er ofte også litt vel mykje forlangt. Det tredjebeste er å leggje til rette for at dei som les artikkelen kan få sjekke referansane sjølv. Å pitle vekk alt av referansar er det ingenting bra med. Viss ein har kome dit at alle referansane som var i artikkelen har måtta fjernast burde konklusjonen verte at denne artikkelen skal ikkje leggjast inn. --46.15.139.199 30. mars 2012 kl. 14:31 (CEST)[svar]

Seriøst eller tull?[endre wikiteksten]

Eg har ikkje heilt skjøna om dette er meint å vera ein seriøs artikkel eller ein tulleartikkel. For meg ser det ut som eit utklipp frå ei tabloidavis eller annan kiosklitteratur. Dette kan vel umulig vera leksikonstoff? --Sigmundg (diskusjon) 30. mars 2012 kl. 08:31 (CEST)[svar]

Vel, Wikipedia inneheld litt av kvart. Når artikkelen finst på fleire andre wikipedia-utgåver, kvifor ikkje nynorsk? Held me oss for gode for kongelege bryllaup? At kjeldebruken bør betrast, kan eg vera samd i.HallvardLid (diskusjon) 30. mars 2012 kl. 14:00 (CEST)[svar]