Diskusjon:Commodore 64

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen har vore føreslegen som ein god artikkel, men fekk ikkje mange nok røyster. Dette er den arkiverte diskusjonen:

Commodore 64[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Har vore vekas artikkel i 2005.Anders 22:10, 14 november 2006 (CET)

Det var den vist ikkje likevel, nei. Anders 18:15, 7 desember 2006 (CET)
Eg tok nett ein språkvask av artikkelen. Han ser fin ut. Det einaste eg trur han treng er ei slanking av «På verdsveven»-seksjonen. Kan du plukke ut dei lenkjene som er best, og fortener å vere med på lista, Anders? --EIRIK\diskusjon 19:15, 14 desember 2006 (CET)

Røysting[endre wikiteksten]


Fin artikkel! Korleis kan ein reusera bildestorleiken eller gjera bilete klikkbart? --Hemo 1. feb 2005 kl. 1244 (UTC)

Eg trur eg har fiksa dette no. --Guttorm 1. feb 2005 kl. 1300 (UTC)
Men korleis? --Hemo 1. feb 2005 kl. 1545 (UTC)
Tips: Klikk på "rediger" og sjå og lær. --Bep 1. feb 2005 kl. 1720 (UTC)

Sjå Wikipedia:Korleis visa bilete. Det finst ymse kodar for å kontrollera storleiken på bilete, mellom anna på forma Fil:filnamn|mini|bilettekst Fil:filnamn|thumb|bilettekst.

Til dømes Fil:C64 screenshot.png|mini|Skjermbilete av Commodore 64 sitt operativsystem Basic --Gunnernett 1. feb 2005 kl. 1729 (UTC)

Fil:C64 screenshot.png
Skjermbilete av Commodore 64 sitt operativsystem Basic

..ok.. eg får prøva å lasta opp bilete og setja meg inn i dei ulike tinga rundt dette ein dag. Men to andre ting eg lurer litt på: Kva er commons.wikimedia.org? Eg trudde kanskje det var (som det står) ein stad for fellesmateriale, men fann ingenting då eg søkte på "Commodore 64". Då fekk eg berre opp [dette]. Det andre eg lurte på var om denne type Wiki-lærdom bør skje under tilfeldige artiklar som her, eller om eg kanskje burde oppsøka ein meir egna stad... --Hemo 1. feb 2005 kl. 2329 (UTC)

Søk i staden på Commodore... --Bep 1. feb 2005 kl. 2345 (UTC)


Antallet maskinar seld[endre wikiteksten]

I fylgje Guinnes rekordbok er Commodore 64 den mest selde datamaskina, Denne artikkelen har sidan opphavet sagd at antall maskiner som vart seld mellom 1982 og 1993 er meir enn 17 millionar, Ifylgje wired.com, som den engelske versjonen lenkjer til, er antallet opp i mot 30 millionar selde. --Anders 00:45, 16 juni 2007 (CEST)


Om piratverksemd[endre wikiteksten]

Eg har tona ned "glorifiseringa" av piratane/hackarane, men det framstår litt pussig å gå så detaljert inn dette området, med opplisting av dei mange pirat-grupperingane. Dette hadde vore utenkjeleg i ein artikkel om ein moderne PC. --Bep 20:24, 16 januar 2008 (CET)

2==Død lenke==

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 24. august 2008 kl. 20:51 (CEST)[svar]

[daud lenkje]