Diskusjon:Communist Party of Great Britain

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Foreslår å flytta sida til Storbritannias kommunistiske parti eller Communist Party of Great Britain, då eg meiner artiklar om parti bør stå under partiet sitt rette navn. (Barend 7. mai 2006 kl. 16:54 (UTC))

Det må i så fall flyttast til "Storbritannias kommunistiske parti", da partiet i dag heiter "Communist Party of Britain" CPB, ikkje CPGB. Altså eigentleg "Britannias kommunistiske parti", men det funkar vel ikkje på norsk? --Erling 7. mai 2006 kl. 17:04 (UTC)
Eg syns vel at Communist Party of Britain i så fall må få sin eigen artikkel - det er så vidt eg kan sjå snakk om to forskjellige parti, ikkje berre ei rein navneendring. På engelsk wikipedia har dei kvar sin artikkel. Det beste er kanskje å bruka det engelske navnet for å unngå forvirring. --Barend 7. mai 2006 kl. 17:22 (UTC)
Ja, det kan vere rett å sjå CPGB som avslutta og CPB som eit anna parti, sjølv om det sistnemnde byggjer på det førstnemnde sitt tradisjonelle program, "The British Road to Socialism". Om vi skal bruke artikkelnamn på originalspråka er eg derimot i tvil om, bortsett frå der dei er akronym som både er forkortingar og namn og som fungerer nokolunde på norsk lydmessig - som dei israelske partia. Men elles er eg i tvil. Dersom vi har "Communist Party of Great Britain" som artikkelnamn, korfor skulle vi ikkje ha Коммунистическая партия Советского Союза som artikkelnamn på Sovjetunionens Kommunistiske Parti? --Erling 7. mai 2006 kl. 17:41 (UTC)
Og dermed er me tilbake på same diskusjonen som aldri vart skikkelig avslutta på Diskusjon:Kommunistische Partei Deutschlands for ei tid sidan. Kanskje me bør prøva å få tatt den diskusjonen på Samfunnshuset og bli einige om retningslinjer for artiklar om partinavn - originalnavnet eller norske navn? --Barend 8. mai 2006 kl. 12:35 (UTC)
Ja, gjerne det. Eg skjønar synet ditt, det er berre at eg ser vanskar med å gjennomføre det konsekvent. Kva med Kinas kommunistiske parti, til dømes? --Erling 8. mai 2006 kl. 13:14 (UTC)