Diskusjon:Danmark-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvifor vert det danske namnet Danmark-Norge nytta? Vert ikkje det på line med å kalle Austerrike-Ungarn for Österreich-Magyarorszag? Síðhǫttr 12:11, 11 august 2007 (CEST)

Ludvig Holberg skreiv i 1729 om «Friderik den Fierde» at han var «Konge til Dannemark og Norge». Men opp gjennom dansketida kan vi sikkert finne mange ulike skrivemåter. Det kunne vere interessant å få vite korfor vi har stivna i ein 1800-talsform på nynorsk. For bruken av forma «Norge» her er vel medviten? - Knut 16:03, 11 oktober 2007 (CEST)
Argumentasjonen er vel noko slikt som at ingen innbyggjarar av riket nokonsinne kalte det Danmark-Noreg. Men eg ser kategorien bruker Noreg; artiklar på sprakrad.no gjer det òg, så det kan vel flyttast. --Ranveig 01:39, 13 oktober 2007 (CEST)
Tja — det var vel ikkje så mange innbyggjarar av Austerrike-Ungarn som kalla landet sitt akkurat «Austerrike-Ungarn» heller? :-) Eg støttar flytting til Danmark-Noreg. -- Olve 02:12, 13 oktober 2007 (CEST)
Eg støtter òg flytting. Kph 12:59, 13 oktober 2007 (CEST)
Eg tykkjer òg at det bør heite Danmark-Noreg.--Sigmundg 13:07, 13 oktober 2007 (CEST)