Diskusjon:Datalagringsdirektivet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kor lurt er det eigentleg å setja om artiklar som omhandlar dagsaktuelle hendingar? Denne artikkelen har vorte endra mange gonger på nb etter at han vart henta hit, og artikkelen inneheld utdaterte opplysningar m.a. om Høgre sitt «klåre» synspunkt. Viss ingen har tenkt å føra eit dag-til-dag-vedlikehald på denne artikkelen, trur eg det er betre å fjerna det som handlar om den politiske handsaminga av direktivet (Denne bolken), og heller leggja det inn når saka har fått ein konklusjon. Dei som vil lesa nyhende om denne saka kan melda seg på epostlista til Nei til EU, heller enn å leita etter dei på Wikipedia. --Tannkrem 19. mai 2010 kl. 22:53 (CEST)[svar]

Fjerna for no, eg har dessverre ikkje tid til å halde ting oppdatert no; takk for korreksen :) --Kiwibird 20. mai 2010 kl. 12:02 (CEST)[svar]