Diskusjon:Datamaskin

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg lurer på om det kanskje hadde vore best å ha ei side som heiter Datamaskiner i dagleglivet som det er lenka til frå framsida. Ordet Datamaskin bør ha ei grundig og tidvis teknisk forklaring som eg trur vil verte for tung for 'Daglegliv'.

Artikkelen bør først ha eit avsnitt om datamskinar i dagleglivet. Dersom denne delen blir utvida, kan me så laga ein eigen artikkel. Det same kan skje med teknikken - dersom det blir svært langt og grundig, kan me kanskje flytta den til Teknikken bak datamaskinar eller noko slikt. -- Ranveig 1. mar 2005 kl. 2015 (UTC)
Samd i tankegangen. Artikkel om datamaskin bør vere grundig. Datamaskiner i dagleglivet kjem jo inn under personleg datamaskin (PC) osb. --Bep 1. mar 2005 kl. 2111 (UTC)


Datavitskap ser ut il å vere ein dårleg oversetting av "Computer science" frå engelsk. I dei fleste andre europeiske språk, inkludert (ny)norsk brukar ein ordet informatikk e.l, så eg forandra det

Og det er interessant å merka seg at informatikk ikkje tyder det same som informatics på engelsk. Sjå en:Information science#A note on international terminology. Bjarte 4. august 2005 kl. 05:25 (UTC)
PS: Gisle, du kan skriva under på kommentarar på diskusjonssider og liknande ved å skriva fire tilder (~~~~) eller å trykka på krussedullknappen, nummer to frå høgre ovanfor redigeringsboksen. Bjarte 4. august 2005 kl. 05:25 (UTC)