Diskusjon:De Long-sundet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Etter at russaren Insider var innom og la til ein kjelde manglar på kven sundet er kalla opp etter vart eg litt i tvil. Spørsmålet trur eg ikkje er kven sundet er kalla opp etter, men kva sundet eigentleg heiter. Heiter det De Long-sundet eller Long-sundet? (De) Long-sundet ligg mellom fastlandet og Wrangeløya, og Wrangeløya vart oppdaga av Thomas Long. Om det heiter De Long-sundet bør det ikkje vere noko tvil om at det er kalla opp etter George W. DeLong som fekk De Long-øyane litt lenger vest i området kalla opp etter seg (kvifor legge til ein De i namnet om sundet er kalla opp etter Thomas Long?). Så begge desse to har vore i området. Eg har ikkje funne noko eintydig svar på kva sundet eigentleg heiter. Her står det følgjande: Proliv Longa (russisk namn): De Long Strait, Long Strait, Proliv De Longa, Proliv Long. Eg mistenker at Long-sundet er rett sidan Proliv Longa ser ut til å vere det riktige russiske namnet. På russisk heiter øyane Ostrova De-Longa. Nokre sikre kjelder har eg derimot ikkje funne. --Frokor 10. april 2009 kl. 10:19 (CEST)[svar]