Diskusjon:Dei internasjonale brigadane

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg endra "ungdomar" til frivillige, oldefaren min var 36 då han dro til Spania... 80.202.93.131 24. mai 2006 kl. 12:02 (UTC)

Burde ikkje songteksten vore i Commons? Og hadde det ikkje vore betre med ein eigen artikkel om kampsongar frå borgarkrigen, ettersom det er mange ein kunne skrive om i ein slik artikkel, men det ville ta for mykje plass i ein artikkel om dei internasjonale brigadane? Magnus 24. mai 2006 kl. 12:05 (UTC)

Eg kan godt opprette ein eigen artikkel for denne songen (men med lenkje frå brigadeartikkelen). Skal gjere det så snart eg får tid. Vi burde hatt ein kategori for kampsongar òg, slik at vi får ei samling av slike både frå Spania og elles. --Erling 24. mai 2006 kl. 15:12 (UTC)
Lengre tekstar som ikkje er verna av opphavsrett kan leggjast inn på Wikisource (men eg er ikkje sikker på om det finst ein norsk utgåve). Kortare songar og dikt, derimot, kan det vera like greitt å ha her. Men kva tid døydde Khaim Aleksandrov? Viss det var etter 1936 er songen fortsatt verna av opphavsrett, og me kan eigentleg ikkje leggja ut heile... -- Ranveig 24. mai 2006 kl. 16:09 (UTC)
Eg veit ikkje noko om Aleksandrov eller om dei tre korte versa er heile songen. Dersom det er tvil om originalen på jiddisch er verna av opphavsrett, må han da fjernast frå der han står no òg? --Erling 24. mai 2006 kl. 19:47 (UTC)
Ja, dessverre går det ikkje å gje att heile verna verk og samtidig halda seg til GFDL. Men det går an å peika til teksten på [ein annan stad (t,d, [1]), og kanskje gje att omsetjinga på diskusjonssida (ikkje heilt ideelt, men likevel...):
Ei gjendikting av Erling Outzen:
Brør, vi har no bunde
så sterkt og fast eit band;
vi er kameratar i kampen
med flagget det raude i hand.
Og treff deg ei kule, min trugne,
ei kule frå fienden vår,
så dreg eg deg snart ut frå slaget
og heilar med kyssar ditt sår.
Og om du er fallen og død,
med dei kjære auga igjen,
så viklar eg fana irundt deg,
og kjempar til døden for den.

-- Ranveig 25. mai 2006 kl. 17:38 (UTC)