Diskusjon:Dei svarte hestane

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Film og bok saman[endre wikiteksten]

Dersom ei bok er blitt filmatisert, synest eg godt me kan skriva om boka og filmen i same artikkel, viss ikkje artiklane om kvar av dei er veldig store. -- Ranveig 10. mai 2005 kl. 2311 (UTC)

Einig. -- Olve 10. mai 2005 kl. 2312 (UTC)
Eg er einig au, tenkte faktisk på å si det same. --KRISTAGAα-ω 10. mai 2005 kl. 2318 (UTC)
På generelt grunnlag tykkjer eg at dei bør vere to artiklar, men at ein heller kan samle dei dersom produksjon av beggje produkta heng tett saman, til dømes der filmrettane er kjøpt nesten før boka er ferdig, eller der boka (grøss) er skrive etter filmen. Grunnen til at eg meiner dette, er at for ein film kan det vere like interessant å skrive om produksjonen og dei som var med, som sjølve handlinga, medan ein som regel veit lite om produksjonen om ei bok, men kan skrive desto meir om innhald og eventuelle kjende tolkningar. Filmar er òg ofte basert på fleire bøker, til dømes Filmen Troll-elgen eller Filmen Elling. eg ikkje har planar om å skrive veldig mange artiklar om korkje bøker eller filmar i næraste framtid, må de gjerne ignorere denne utsegna. :) -- Larsivi 11. mai 2005 kl. 0625 (UTC)
Ein artikkel som fortel om handlinga av ei bok, samanliknar korleis denne blei endra når ho blie gjort om til film, fortel litt om filmproduksjonen og kanskje noko om mottakinga til boka samanlikna med den til filmen, osb, trur eg kan bli ein framifrå artikkel. Det blir meir "kjøt" på ein slik artikkel enn til dømes ein filmartikkel som er ei rein oppramsing av kven som hadde kva roller - det har me IMDB for. I dei siste døma dine er eg likevel einig i at filmen og bøkene bør ha ulike artiklar. -- Ranveig 12. mai 2005 kl. 2015 (UTC)
Du forstod det sikkert, men når eg snakkar om produksjonen, så meiner eg ikkje berre oppramsing av skodespelarar med meir, men om lokasjonar, problem, spesielle teknikkar, usemje, bannlysing, sensur, etc. -- Larsivi 12. mai 2005 kl. 2040 (UTC)
For meg ser det ut som det er fornuftig å ha både bok og film i same artikkelen så lenge dei har same namn og den eine er eintydig basert på den andre. Og så kan ein splitte dei opp når det viser seg at det er så mykje materiale om kvar av dei to i originalartikkelen at det er naturleg å dele han i to. -- Olve 12. mai 2005 kl. 2109 (UTC)
Larsivi: Ja, eg skjønte det, men eg trur det lettare vil bli slik at me får ei rekkje oppramsingar enn mange gode artiklar om filmar. Eg er heilt einig med Olve. Om ein film har ein så spennande historie at artikkelen om han kan stå på eigne bein, kan han få gjera det. Viss ikkje blir det meir interessant å omtala han saman med boka. -- Ranveig 12. mai 2005 kl. 2215 (UTC)
Sjølvsagt. Sjølv skriv eg ikkje artiklar om emner eg ikkje veit noko om, eller kun veit nok til å lage ein minispire. Difor, om eg skulle skrive ein filmartikkel, så vil det vere fordi eg veit noko som fell under ein av kategoriane som eg nemnde over. -- Larsivi 13. mai 2005 kl. 0708 (UTC)