Diskusjon:Noregsdemokratane

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Demokratane)

Innvandringskritisk eller innvandrarfiendtleg[endre wikiteksten]

I den opphavlege artikkelen om Demokratane stod det at:

Partiet har fleire medlemmer som tidlegare tilhøyrde Framstegspartiet, men blei ekskluderte, og frå innvandrarfiendtlege parti som Folkeaksjon mot Innvandring, Fedrelandspartiet, Kvit Valallianse og Forum mot islamisering.

Dette endra eg til:

Partiet har fleire medlemmer som tidlegare tilhøyrde Framstegspartiet, men blei ekskluderte, og frå innvandringskritiske parti og organisasjonar som Folkebevegelsen mot Innvandring, Fedrelandspartiet, Kvit Valallianse og Forum mot islamisering.

Endringa vart attenderulla av Ranveig. Kvifor?

For det fyrste so heitte det Folkebevegelsen mot innvandring, ikkje Folkeaksjon mot innvandring. Og som namnet seier, mot innvandring, implisitt norsk innvandringspolitikk, ikkje mot innvandrarar. Det same gjeld Fedrelandspartiet, dei er mot innvandring, ikkje mot innvandrarar. Dei argumenterer ut frå menneskerettsfråsegna om at alle folk har rett til eige heimland. Når det gjeld Forum mot islamisering, er det islam som religion desse er mot, ikkje muslimar, og slett ikkje innvandrarar ålment. Når det gjeld Kvit Valallianse er det DIREKTE FEIL at folk frå demokratane har vore med i Hvit Valgallianse. I Monitor-artikkelen kan ein lesa fylgjande:

http://www.magasinet-monitor.net/artikler/kleppe110505.htm
I Nordland toppes Demokratenes liste av Amund Garfors, som tidligere har stilt til valg for forløperen til Jack Erik Kjuus gamle parti Hvit Valgallianse, Stopp Innvandringen. Garfors sitter også i Demokratenes hovedstyre.

Med andre ord, Garfors var med i partiet Stopp Innvandringen _før_ partiet skifte namn til Hvit Valgallianse og vedtok det kontroversielle programmet som førde til at partiet og partileiaren vart dømd for rasisme.

Å slå alle desse organisasjonane i jambreidd og stempla dei som innvandrarfiendtlege er usakleg og POV.

Framlegg til ny ordleiding:

Partiet har mange medlemmer som tidlegare tilhøyrde Framstegspartiet, men som anten melde seg eller vart ekskluderte. Også tidlegare medlemmer av Folkebevegelsen mot Innvandring, Fedrelandspartiet, Stopp Innvandringen og Forum mot islamisering er med.

Eg kjem til å leggja denne ordlyden inn i artikkelen med mindre einkvan kjem med motargument eller framlegg til alternative formuleringar. Linuxboksen

Eg må bare leggja meg flat og orsaka! Eg trudde ikkje eg hadde slurva og slarva slik, derfor var det enklast å vri artikkelen tilbake igjen. Men resultatet no verker vera den beste løysinga; dei ulike partia kan skildrast i artiklane om seg sjølve. -- Ranveig 17. des. 2005 kl. 23:42 (UTC)
Ein anonym brukar driv sabotasje her òg. Demokratane som sosialdemokratisk parti med raud partifarge? Steng han av før han gjer meir skade! --Erling 30. april 2006 kl. 12:13 (UTC)

Kva er rett farge her?[endre wikiteksten]

Kan nokon som veit legge inn? Roger 7. juni 2006 kl. 11:59 (UTC)

Somme ville kanskje hevde at dette partiet er brunt eller stripa, men da relativiserer ein fascismen, så eg meiner blå er rette partifargen her. --Erling 7. juni 2006 kl. 12:03 (UTC)
Ok. Med mi vesle kunne om politikk ville eg vore einig. Prøve å sjå på no, men dei har ikkje same systemet med partiboksar. (Dei har forøvrig låst både Demokratane og Framstegspartiet... Er vi forresten ca. i mål med ryddinga? Eg må iallefall kvelde no. Roger 7. juni 2006 kl. 12:12 (UTC)
Roger spør: "Er vi i mål med ryddinga?" Kanskje, eg håpar det. Det er iallfall for gale at vi må bruke mykje tid og krefter på å rydde etter ein sabotør som gong på gong rett og slett øydelegg artiklar for oss. Vedkommande må stengjast av for godt! --Erling 7. juni 2006 kl. 16:34 (UTC)