Diskusjon:Den arabiske ligaen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Subjektivitet[endre wikiteksten]

Landa har ikkje følgt utviklinga i resten av verda økonomisk. Samla bruttonasjonalprodukt er mindre enn for Spania til trass for store oljerikdomar i landa. Over halvparten av alle innbyggjarar er analfabetar, og det finnt ingen anerkjente demokratiske statar i ligaen.

Eg tok denne bolken ut av artikkelen fordi han er nokså subjektivt vinkla. For det første ser eg ikkje heilt kva han har med organisasjonen å gjera. For det andre er han upresis: Økonomisk utvikling i resten av verda har då ikkje berre gått oppover og framover? Demokratisk anerkjente -- av kven? -- Ranveig 8. april 2006 kl. 13:20 (UTC)

Artikkelnamn[endre wikiteksten]

Er ikkje ordet «liga» negativt lada? Eg ville tru at det kjem frå ei dårleg omsetjing av «league», Folkeforbundet blei jo ikkje kalla «Folkeligaen»? Kva med å kalle artikkelen «Det arabiske forbundet» eller «Det arabiske sambandet»? --KRISTAGAα-ω 16. juli 2008 kl. 22:00 (CEST)

Eg har ingen sterke meiningar om dette, men det virkar som om Den arabiske liga(en) er godt innarbeidd i norsk språk. T.d. Store Norske Leksikon, Caplex, samt regjeringa. Det er ikkje vår oppgåve å kome med nye ord og uttrykk. Alternativa ser ikkje ut til å vere i bruk (totalt 6 treff på «forbund(et)» i google, ingen på «samband(et)» og om lag 16000 på liga(en)). --Frokor 16. juli 2008 kl. 23:02 (CEST)