Diskusjon:Den galne måndagen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stor fjære i England - tyder ikkje det på høgtrykk over England? Eit høgtrykk over England kan samstundes forsterke vestavind over Noreg. -Knut 07:36, 3 mars 2008 (CET)

Eg har tenkt på det med fjæra over England fleire gonger og lurt på korleis det kan ha samanheng med vêret over Noreg. Kanskje heile det avsnittet burde vore fjerna. Stor fjære kan tyde på høgtrykk som du seier, og i situasjonar med kraftig lågtrykk fører det til ei heving av vassflata og auka flo og fjære, men det stemmer ikkje med resten av vêrskildringa for Noreg og andre stader rundt Nordsjøen der visstnok «ingen kunne hugse å ha sett barometeret stå så lågt». Ein forklaring kan vere at det kan ha vore vedvarande vestleg vind over lange periodar. Då fører straumen med seg sjøvatnet bort frå England og austover. Andre straumforhold kan òg ha virka inn.
Det låge trykket over Noreg, det at eit vêrsystem med stort sannsyn har flytta seg nordover denne dagen og skildringa av kraftig sønnavind dagane før tyder på at det ikkje låg høgtrykk over Storbritannia. --Frokor 08:27, 3 mars 2008 (CET)