Diskusjon:Den heilage Josef

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Her står det at det greske ordet tektōn (τεκτων) plar omsetjast med snikkar. Eg synest å hugse at eg vart fortald at Josef var tømrar. --89.9.80.48 11. januar 2012 kl. 23:56 (CET)[svar]

Det ser ut til at tømrar eller tømmermann har vore den vanlege omsetjinga, ja. Frå bibel.no (PDF-fil): «Truleg vart [Jesus] utdanna i den lokale synagogen i Nasaret og opplært til «tømrar» av Josef – sjølv om det greske ordet eigentleg tyder noko slikt som «bygningsarbeidar», noko som kan forklåra kvifor Jesus fleire gonger brukte husbygging som bilete når han tala til folk.» --Ranveig 12. januar 2012 kl. 10:09 (CET)[svar]