Diskusjon:Den heilage ande

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flytta frå Brukardiskusjon:Eilev G. Myhren

Har du kjelder som underbyggjer at Den heilage ande blir tolka som noko kvinneleg? I kva konfesjon er dette vanleg? Dette var nytt for meg... Eg ber deg om å følgje den skrivemåten som artikkelen nyttar (Den heilage ande, ikkje anden. Det er dessutan grammatisk feil). At Den heilage ande skulle vere identisk med byen Sofia var også nytt for meg. At den apostoliske kyrkja rekna dha for "Visdomen" kan eg ikkje tru, men at gnostisismen gjorde det, er jo ein anna sak.

Her blei det mykje, me det er jo trass alt eit leksia me byggjer, då må det vere korrekt! Dersom du kan underbyggje påstandane dine med kjelder så hadde vore fint... --Zalofigth 01:56, 23 mars 2007 (CET)

Kvinneleg aspekt ved anden[endre wikiteksten]

Sjå t.d. nest siste verset i denne delen av katekisme-forklåringa i Petter Dass sine katekismesongar, Den Aposteliske Troes Artikle: Den Niende Sang. Men Eiliv finn sikkert nyare døme... - Knut
Det nest siste verset handlar ikkje om Den heilage ande, men om mennesket sitt forhold til Jesus, kyrkja og Gud. Jesus til bror, kyrkja til mor (og kyrkja er samstundes Jesu brud). Det legg vel ikkje kvinnelege eigenskapat til Den heilage ande, men heller "oppdragarfunksjon" til kyrkja? (Dass er generelt vanskeleg å forstå...) --Zalofigth 23:49, 26 mars 2007 (CEST)
Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje - - - Heilaganden og kyrkja er samanvevde, eg vil seie at ei kyrkje ikkje er heilag utan Anden. Zalofight har rett i at Petter Dass skriv om kyrkja, men han gjer det i forklaringa til tredje trosartikkelen, som handlar om Den heilage ande. Kyrkja er her klart kvinneleg. Så kan eg tenkje meg at ho har desse eigenskapane frå anden .... Vedkjenningsskriftene opnar i det minste for dette . . . - Knut 11:23, 31 mars 2007 (CEST)

Den heilage ande/anden[endre wikiteksten]

Kva er det som er grammatisk feil med «Den heilage anden»? --Ranveig 13:51, 23 mars 2007 (CET)

Ingen ting — det er korrekt norsk. -- Olve 15:46, 23 mars 2007 (CET)
Korleis kan du seie dette? Jamfør språkrådet/UiO si ordbok heiter det enten Den Heilage Ande eller Heilaganden, ikkje ei samanblanding. (Sjå her) Eigentleg er "Den heilage ande" mest korrekt (ja eg har hatt korrespondanse med Språkrådet om dette!), men sidan Bibelselskapet har valt store bokstavar i alle tre orda (1930 og 78/85-omsetjiingane, ikkje 2005), er det blitt tradisjon og "unntaket som stadfestar regelen".) Men "Den heilage anden" kan eg ikkje sjå er lov i mine ordbøker (men det er jo ikkje sikkert dei er fullstendige då....). --Zalofigth 23:49, 26 mars 2007 (CEST)
Eg har oppfatta det slik at substantiv som kjem etter ordet "den" skal stå i bunden form på nynorsk. Slik sett vil det vera grammatisk rett å skriva "anden", ikkje "ande". Om dette uttrykket står i ei særstilling, og ikkje skal vera bunde av dei same grammatiske reglane som andre ord og setningar, vil eg gjerne sjå ei litt betre grunngjeving enn at det står slik i ordboka. Det kan vera slurv frå dei som har laga ordboka. --Tannkrem 00:12, 27 mars 2007 (CEST)
Grammatikalsk er Den heilage anden rett. Men det er feil om vi skal følgje tadisjonen, og når det gjeld rett og galt språk, er tradisjonen viktigare enn ein teoretisk grammatikk:
Elias Blix skriv i si katekisma (1891) den heilage Ande (liten d og h, stor A) i truvedkjenninga
Altarboka frå 1920 skriv den Heilage Ande i truvedkjenninga
Studentmaallagsbibelen frå 1921 skriv (td Joh. 1,33: den Heilage Ande (liten d)
Bibelselskapet skriv i 1930-omsetjinga den Heilage Ande same staden
Bibelselskapet skriv i 1978 Den Heilage Ande
Bibelselskapet skriv i 2005-omsetjinga Den heilage ande
Kva som står i Arthur Berg- omsetjinga (Norsk Bibel) veit eg ikkje. Men eg meiner å ha grunngjeve godt at forma nn:wikipeda brukar er rett. - Knut 07:36, 27 mars 2007 (CEST)
Den heilage anda?
Kvifor ikkje rett og slett Den heilage anda? Tyriguten 09:47, 9 mai 2007 (CEST)
Fordi dette gjeld substantivet ande, ikkje and. Det er mogleg somme held seg med/har helde seg med heilage ender óg (hjå Carl Barks?), men dei er i såfall ei anna sak. --Jorunn 10:11, 9 mai 2007 (CEST)


Burde vere store bokstaver med ein tittel (H og A) James Hendin

Det burde det kanskje, og når Bibelselskapet har valt å skrive namnet med stor D, liten h og liten a i siste bibelsomsetjing, reknar eg med at dei har hatt ein ordentlig vurdering og kanskje diskusjon. Som det går fram av innlegga ovanfor, vil vi ha dekning for mange skrivemåtar, men så lenge gjeldande bruk samsvarer med gjeldande praksis i Bibelselskapet, ser eg ingen grunn til å gjere endringar. Kjenner du til om spørsmålet er diskutert i Bibelselskapet?--Knut 16:19, 23 mai 2008 (CEST)

Eg veit ikkje om det er dikutert i Bibelselskapet, men Bibelselskapet OG Den norske kyrkja skriver det med store bokstaver:

"Love vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande" James Hendin 20:10 23 mai 2008 Jacksonville, Florida

Eg ser at Den norske kyrkja i liturgihefte mv brukar stor H og A. Men i den siste bibelomsetjinga er det berre ein stor bokstav, som her, sjå t.d. denne lenkja. Konklusjonen min vert då at begge skrivemåtane må reknast som rette. - Knut 19:44, 24 mai 2008 (CEST)

Bravo! James Mai 26 2008