Diskusjon:Den jødiske autonome oblasten

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dersom nokon har lyst å engasjera seg fins her stort grunnlag for navngjevingsdiskusjonar. Etter mykje vakling endte eg opp med å oppretta artikkelen under dette navnet, i tråd med det NUPI kallar "Norwegian transcription" [1]. Eg er til vanleg tilhengjar av å fylgja språkrådet i eitt og alt, men her meiner eg dei er heilt på bærtur - dei definerer Birobidzjan som "by og fylke aust i Russland". [2]. Men det russiske navnet er klart og tydeleg Jevrejskaja avtonomnaja oblast (jødisk autonom oblast) - Birobidzjan har ingenting i navnet på provinsen å gjera - det er kun navnet på hovudstaden. Ved å bruka det som navn på provinsen forsvinn heile poenget med at provinsen vart oppretta - nemleg å fungera som eit autonomt område for jødar. I tillegg til dette går det sjølvsagt an å diskutera om ein bør omsetja ordet oblast - men det har me ikkje gjort i dei andre oblast-artiklane me har, så då syns eg det ville bli rart å gjera det her. --Barend 13:28, 5 januar 2007 (CET)


Eg synest det er heilt greitt det som Barend har gjort her. Det einaste er at ein kanskje burde hatt nokre omdirigeringar, sidan folk kanskje er ute etter info om dette området/fylket, men ikkje kjenner ordet oblast? --Erling 17:53, 5 januar 2007 (CET)