Diskusjon:Det georgiske alfabetet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Please translate the word "Letters" --GeorgianJorjadze (diskusjon) 16. april 2012 kl. 06:46 (CEST)[svar]

Done Trondtr (diskusjon) 16. april 2012 kl. 07:01 (CEST).[svar]
Thank you. GeorgianJorjadze (diskusjon) 18. april 2012 kl. 21:28 (CEST)[svar]

Transkripsjon av ძ[endre wikiteksten]

Kvifor i all verda "ds" for det som på engelsk er "dz"? --Barend (diskusjon) 2. oktober 2012 kl. 19:15 (CEST)[svar]

Det anar eg ikkje. Bokstaven vert transkribert som ds t.d. i Eduard Sjevardnadse, men det kan vera ein lydrett transkripsjon med utgangspunkt i det norske lydsystemet for alt eg veit. Eg ser elles at den makedonske bokstaven Ѕ vert transkribert som 'dz', (Språkrådet), men det kan ikkje utelukkast at ds-transkripsjonen i georgisk skulle koma av samspelet mellom dei ulike georgiske bokstavane ved transkripsjon, noko liknande det at nokre russiske bokstavar vert transkriberte ulikt alt etter kva andre bokstavar som kjem føre/etter. Njardarlogar (ordskifte) 2. oktober 2012 kl. 20:52 (CEST)[svar]
Men finst det ei kjelde for dette, eller er det berre nokon her som har skrive det? Grunnen til at Sjevardnadse ofte blir skrive med "ds" er at denne forma vart innarbeidd som transkripsjon frå den russiske namneforma i tida før dei nye transkriberingsreglane kom, då "z" ikkje vart brukt i norsk transkripsjon. Eg vil påstå at "dz" er den mest korrekte og logiske norske transkripsjonen av denne bokstaven, og om ein skal bruka "ds" vil eg gjerne ha ei kjeldetilvising for det.--Barend (diskusjon) 6. oktober 2012 kl. 13:39 (CEST)[svar]
Eg tenkte på at kunne ha noko med sovjettida å gjera, men såg at den russiske artikkelen transkriberer namnet hans som Шеварднадзе. Derimot var eg ikkje klar over at transkripsjonsreglane hadde endra seg for з. Eg endrar den norske transkripsjonen til 'dz'. Njardarlogar (ordskifte) 6. oktober 2012 kl. 15:07 (CEST)[svar]

Brukar:Njardarlogar Can you please move this article to "Georgian scripts"? There are 3 Georgian scripts and all are in use and not only Georgian is written but other related languages as well, so Georgian alphabet as such with current title is wrong. How will be "Georgian scripts" in Norwegian? Jaqeli (diskusjon) 7. april 2015 kl. 01:25 (CEST)[svar]