Diskusjon:Det indiske kastesystemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kastesystemet er visst nok ei slags diskriminering, men kan det verkeleg kallast rasisme? Alle former for diskriminering er vel ikkje rasisme. Kva er det som skil mellom ikkje-rasistisk diskriminering og rasistisk diskriminering, og høyrer kastesystemet faktisk heime under rasisme?

Grunnen til at eg spør er at det er for meg ein svært stor forskjell mellom dei negative kjenslene mot, til dømes, afrikanarar eller urfolk som ein ser i ein stor del av det indiske samfunnet - som sjølvsagt er rasisme - og kjenslene mot dei som er frå ein lågare kaste. Me ser ikkje på folk frå ein annan kaste som "framande", som eg trur er ein viktig del av rasisme. -- Arvind 20:45, 17 oktober 2006 (UTC)