Diskusjon:Det lyser i stille grender

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vi har vel ikkje løyve til å gje att denne teksten i fullversjon, må vel nøye oss med eit sitat-utdrag? --Knut 30. november 2008 kl. 19:16 (CET)[svar]

Har vore inne på den tanke, ja. Vi må vel kunne ta med femte strofa i høve til diskujonen om ho skulle vere med i NS. Er det 70 år etter forfattaren sin bortgang som er grensa ?--Andreasv 30. november 2008 kl. 19:33 (CET)[svar]
Sitat i den utstrekning formålet betinger bør vere OK. Elles må vi vente til 1.1.2038. -Knut 30. november 2008 kl. 19:48 (CET)[svar]
Kan dette godtakast til så lenge? (Rullar attende 1.1.2038. :))--Andreasv 1. desember 2008 kl. 15:07 (CET)[svar]
Såpass må einkvar kunne sitere, om han vil forklare diskusjonen. - Knut 1. desember 2008 kl. 18:09 (CET)[svar]

Kor omdiskutert var teksten?[endre wikiteksten]

Det at vernetida for diktet ikkje er utgått, og slett ikkje var utgått då salmeboka kom i 1985, gjer at eg undrast litt på påstanden om at familien til Sande ville ha ein annan salmetekst enn den som vart trykt. Dei som sit på rettane til diktet, må ha vore tekne med på råd før teksten vart endra. No er det vel like snart regelen som unntaket at tekstar må endrast før dei kan høve i ein salme, og i den grad det har vore diskusjon rundt endringane, er det interessant å få han fram i lyset. Men konklusjonen på diskusjonane må ha vore at teksten vart grei slik han vart trykt i salmeboka. - Knut 1. desember 2008 kl. 18:09 (CET)[svar]

  • Ove Eide skriv i Jakob Sande. Liv - Dikting:"..sjølv om familien ønskte berre dei fire - med tilvisning til at Jakob Sande sjølv hadde stroke det." Og ein note til denne opplysninga: "Brev av Siri Sande til Salmebokkomiten av 20.12.1980." Ut frå dette kan vi ikkje sjå kor sterkt dette ønske var.--Andreasv 1. desember 2008 kl. 19:51 (CET)[svar]
Diskusjonen (og refransen til han) er interessant nok. Det finst sikkert meir i arkiva.... Og utfallet kjenner vi. -Knut 1. desember 2008 kl. 20:00 (CET)[svar]

Melodien et plagiat?[endre wikiteksten]

Melodien på "Det lyser i stille grender" kan være et plagiat av trio-delen i marsjen "Gruss an Thüringen" av H.L.Blankenburg". Bare hør på denne: http://www.youtube.com/watch?v=jlMHsgjtI40 og spill hele stykket. Årstallet denne marsjen ble skrevet strides de lærde om, men mest sannsynlig lenge før 1948, da H.L.Blankenburg ble født i 1876 og døde 80 år gammel i 1956.

Dette er ikkje eit generelt diskusjonsforum. Det er ei side for å diskutere artikkelen. --46.15.234.237 27. september 2013 kl. 23:29 (CEST)[svar]