Diskusjon:Det norske landssvikoppgjeret

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det stend i artikkelen at "Oppgjeret tok i bruk lover som var vedtekne til å gjelda attende i tid. I samtida og seinare har bruk av slike lover vorte kritisert, ut i frå at slike lover strir mot grunnlova." Eg er samd med forfattaren, men saknar kjeldetilvisingar og motargument. Oppfatninga blant juristane er vel og ålmeint at landssviksoppgjeret ikkje var i strid med gjeldande rett. Då får ein heller skriva det, og ikkje antyda det motsatte.

Vidare: "Om ein tolka kapitulasjonen i 1940 slik at heile den norske stat la ned våpna, kunne ein seia at Noreg ikkje var i krig etter 10. juni 1940." Det er nok så at nokre landssvikarar meinte at dei ikkje kunne reknast for brotsmenn sidan Noreg ikkje var i krig. Det er likevel ikkje særs mykje tvil om at Noreg ikkje hadde kapitulert totalt. Den tolkinga forfattaren nemnar, er soleis ikkje nærliggjande.

Framstillinga ber preg av revisjonisme - ein søkjer å stelle kritiske spørsmål ved historia. I og for seg er det vel og bra - men slik artikkelen framstår, får lesaren fort inntrykk av at landssvikoppgjeret ikkje var rettmessig. Og som sagt er det ikkje rare haldepunkta for det, men mange for det motsatte. Dette vert for ensidig og galt. Det er nesten så ein gjer historia urett her. 129.177.156.93 18:39, 22 april 2007 (CEST)

Eg er samd i at dette emnet fortener ein betre artikkel, og dei som leitar, vil finne dokumentasjonen som er etterspurd. Dei kan t.d. byrje med Samlagets Norsk historie der Berge Furre skriv (b. V s 177): «Seinare vart det oftare spurt om rettsoppgjerda fylgde forsvarlege rettsstatsprinsipp: Var det rett å dømma etter lover som var vedtekne under inntrykket av krigssituasjonen? Var det innført tilbakeverkande element? Og dødsstraff i fredsstid vart kritisert frå fyrste stund av folk som Johann Scharffenberg, Eivind Berggrav og Kristian Schjelderup.» Og i Cappelens Norges historie b. 14 s 49 står det m.a.: «Selvfølgelig var landssvikoppgjøret seierherrenes justis. - - - For den som er opptatt av rettsstatens vilkår i det 20de århundre, er det grunn til å feste seg ved de brudd på vanlige rettsprinsipper som foregikk. At de er lette å forklare, betyr ikke at de var rettmessige.» - Knut 19:47, 22 april 2007 (CEST)