Diskusjon:Det russiske alfabetet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjå òg[endre wikiteksten]

Diskusjon[endre wikiteksten]

Hm, her var det litt å ta tak i. Å skulle transkribera til ein norsk uttale er jo litt vrient, for då blir det fort mange variasjonar, både i vokalar og konsonantar. Dessutan gir bruken av [klammeparantesar]] eit feilaktig inntrykk av at det er snakk om IPA-symbol her, noko det ikkje er.Kanskje det er betre å berre oppgi transkripsjonsreglane til norsk? (Barend 2. mars 2006 kl. 12:22 (UTC))

Russisk har so vidt eg veit ikkje mange variasjonar i uttale, korkje av vokalar eller konsonantar, so eg synest ikkje det ser «vrient» ut å visa uttalen med norske bokstavar. {Klammeparentesar} er ikkje brukt i tabellen, og [hakeparentesar] er det vel ganske vanleg å bruka for å skilja lydskrift frå vanleg skrift? Viss du har lyst, kan du skriva «å som i kåt», «p som i porno», osb. for å gjera uttalereglane tydelegare, slik dei har gjort på engelsk wikipedia – ver so god!
Transkripsjonen er jo dokumentert i Nynorsk wikipedia både på Wikipedia:Retningsliner for transkripsjon av kyrillisk og på Det kyrilliske alfabetet (som denne artikkelen lenkar til), so den treng vi vel ikkje å gjenta her?
--Verdlanco\ordskifte 2. mars 2006 kl. 14:34 (UTC)
Eg skreiv kanskje litt fort når eg skreiv dette. Men altså: Det er ein vanleg konvensjon at når ein brukar [hakeparentesar] (min feil), så refererer ein til IPA-lydskrift, og det gjer ikkje denne artikkelen no. Ellers reagerte eg først og fremst når eg såg korleis han beskriv kyrillisk o som norsk [å] ([a]). Vel, av og til blir han uttalt som norsk å, av og til som a , og av og til som schwa. Men kyrillisk У står som norsk [u]. Det burde i så fall vera norsk [o]. Men vel og merka o som i to, og ikkje som i tolv. Og kyrillisk Ы - norsk [y]? Eigentleg ikkje, han blir transkribert sånn, men den vokalen han beskriv fins ikkje på norsk. (No brukar forresten eg òg hakeparantesane feil). Г er som oftast [g], men ganske ofte [v], og i slutten av ord [k]. Alle stemte konsonantar blir ustemte i slutten på ord, Б blir [p] istadenfor [b], З blir [s] istadenfor [z], osb.
Det klassiske wikipedia-svaret er jo, "jamen då kan jo du skriva om artikkelen og gjera han betre", men sakens kjerne er vel at eg synest eit forsøk på å setta opp ein tabell med norsk uttale av russiske bokstavar ikkje kan gjerast på ein fornuftig og uforvirrande måte utan eit heilt språkkurs. Difor trur eg kanskje det hadde vore betre å berre slå saman denne artikkelen med artikkelen for norsk transkripsjon av kyrillisk.
Håpar dette vart forståeleg og ikkje for kaotisk. (Barend 2. mars 2006 kl. 16:15 (UTC))
Ja, alt dette er eg heilt samd i. Men eg ville no helst la artikkelen stå, og heller byta ut ordet "uttale" med "døme på uttale" eller noko liknande, for sjølv om artiklane om kyrillisk og russisk alfabet er nokså like no i starten, kjem det kanskje ein dag ei som har mykje ho vil skriva om nett det russiske alfabetet, og då kan jo ho utvida denne artikkelen, medan ein annan legg meir kjøt på artikkelen om kyrillisk. Generelt er det jo slik at etter kvart som oppslagsverket og artiklane veks, aukar behovet for spesialisering og innsnevring/oppsplitting av dei einskilde emna. For min del kan du godt slå saman desse artiklane no, men då trur eg dei kjem til å verta skilde att ein gong i framtida.
--Verdlanco\ordskifte 3. mars 2006 kl. 13:58 (UTC)
Då har eg gjort eit forsøk på å retta opp artikkelen. Skriv kanskje meir seinare. (Barend 9. mars 2006 kl. 19:06 (UTC))


Hei! Mjukt teikn vert stundom merkt med '