Diskusjon:Diabetes mellitus

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg kan ikkje sei eg liker kategorinamnet «Endokrine sjukdomar, ernæringssjukdomar og metabolske sjukdomar». Det er for langt til å hugsa om ein vil setja det inn i ein artikkel eller søka etter det, og litt forvirrande òg, synest nå eg. Er det mogleg å dela opp i «endokrine sjukdomar», «ernæringssjukdomar» og «metabolske sjukdomar» eller å finna ei anna løysing? -- Ranveig 21. juli 2005 kl. 10:40 (UTC)

Sjølvsagt kan det delast opp. Eg leita sjølv etter nøkkelen til slik oppdeling, men er ikkje flink nok i programmet til å finna den. Oppdelinga kan gjerne vera slik du har foreslått. (Likar ikkje heilt uttrykket «ernæring», er der eit betre norsk ord for dette?) Takk for hjelpa!--PerPlex 21. juli 2005 kl. 11:25 (UTC)

Kosthald? :) Olve 21. juli 2005 kl. 11:33 (UTC)
Jau, som einskildord heilt greit, men i samansetjing med «-sjukdom» kling det noko kalvbeint - i mine øyrer iallfall. Kan ikkje «ernæringssjukdomar» like greit strykast, kategorien synest for meg grei nok den, «endokrine sjukdomar» og «metabolske sjukdomar» skulle vel dekkja dette området? (Målpuritanarar ville vel helst bytta ut både endokrin og metabolsk med norske nemningar?) --PerPlex 21. juli 2005 kl. 12:10 (UTC)
Ja, vi kan no gjerne stryke den kategorien — i alle fall foreløpig. -- Olve 21. juli 2005 kl. 12:15 (UTC)
Eg er bare litt målpuritansk, men eg synest godt me kan bruka «hormonsjukdommar» og «stoffskiftesjukdommar», i alle fall dersom dei har rett tyding. Dei gjev mindre av ei «Hæ?»-kjensle.
Du kan lett legga til og endra kategoriar sjølv: Det som kjem etter [[kategori: og før ]] eller | er namnet på kategorien, så der kan du skriva kva du vil. For å oppretta kategorien trykker du på den raude lenka og legg han inn i ein annan kategori, t.d. [[kategori:medisin]]. -- Ranveig 21. juli 2005 kl. 14:06 (UTC)

Type 1 vs. type 2 m.m.[endre wikiteksten]

Ein flott og balansert artikkel! NPOV :)

Eg synest det bør klargjerast at det som stend skrive under "meistring av tilstanden" hovudsakeleg gjeld for type 1 diabetes, ikkje for ikkje-insulinavhengig type 2. Type 2 diabetikarar treng ikkje bekymre seg slik over å få føling, det er viktigare at dei beheld fokus på å unngå høgt blodsukker.

Er det passande å leggje til ein link til www.diabetes.no? (Eg kan godt gjere det, men er ny her.)

Om nokon har kunnskap og tid kan også andre diabetestypar nemnast (svangerskapsdiabetes, MOD, MODY)... -- Benebene 17. april 2006

Du kan sikkert leggja inn ei slik klargjering, og lenkje til diaforbundet. Nye avsnitt om fleire typar er òg bra. --Eddi (Snakk) 17. april 2006 kl. 21:29 (UTC)