Diskusjon:Diftong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Språklege merknader[endre wikiteksten]

Dette var ein interessant artikkel! Men sidan bidragsytarane skriv på ein rett radikal nynorsk har eg nokre merknader om vendingar eg oppfattar som typiske "bokmålsaktige" og som eg kanskje ikkje ville reagert på om det hadde vore nytta eit meir moderat nynorsk. I tillegg kan eg ta skammeleg feil, og framlegga mine kan vera elendige, men eg vonar å læra noko ved å stikka hovudet fram - og ikkje missa det. Sitat frå artikkelen i Halvfeit skrift, mine framlegg i Kursivskrift.

... ved at ein i uttala sklid frå ein ljodlekk til ein annan i laupet av diftongen,
Er "ved at ein" og "i laupet av" bra? Vert dette betre?
... ved at uttalen sklid frå ein ljodlekk til ein annan under artikulasjonen av diftongen. (uttale hadde vore betre enn artikulasjon, men då ville vi fått to uttale på rappen)

byrjar med ein lekk som har ein vokalkvalitet av større prominens
Finn ikkje noko godt framlegg, men dette er kanskje mindre dårleg?
byrjar med ein lekk der vokalkvaliteten har større prominens

kan òg transskriberast som eit tilnærmingsljod
veldig passiv vending til å vera heilt ideell, og høyrer tilnærming til i radikal nynorsk?

sekvensar av eit tilnærmingsljod
Likar heller ikkje denne, men det er kanskje ikkje direkte gale?
rekkjer av approksimantar

diftongar som førekjem
Finst "å førekoma" i radikal nynorsk? Kva med:
diftongar som finst

utifrå ein tankegong om at
Tankegang kunne vel passera i ein samanheng med moderat nynorsk, men kva er tanken med "tankegong"?
utifrå tanken om at

Beste helsing Kaitil 8. juni 2009 kl. 08:45 (CEST)

Dette ser ut som gode endringar som ikkje minst gjer artikkelen lettare å lesa, legg dei gjerne inn! --Ranveig 8. juni 2009 kl. 09:25 (CEST)