Diskusjon:Dikt

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bra definisjon. Men eg er ikkje heilt samd i at tekstane alltid er korte - tenk på lange, episke dikt frå tidlegare tider. Kan dette ordet byttast ut med "linjene"? -- Ranveig 18. jan 2005 kl. 20:01 (UTC)

Bra innvending. Men heller enn å setje inn "linjene" for "tekstane", set eg inn ordet oftast eller ofte, trur eg. Dessutan står det vel "relativt", og i høve til noveller og romanar og skodespel er vel sjølv ganske lange dikt relativt korte? --Erling 18. jan 2005 kl. 20:21 (UTC)

Bra retting! :-P Det finst nok nokre dikt som kan slå romanar - Homer skreiv t.d. dikt, gjorde han ikkje? Dei engelske romantiske diktarane var ikkje så langt borte når det gjaldt å gyta ord, dei heller. --Ranveig 18. jan 2005 kl. 22:38 (UTC)