Diskusjon:Distrikt i Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva med ein definisjon på omgrepet landskap?--Ekko 25. januar 2006 kl. 11:38 (UTC)

Nei, dette er ikkje bra. «Landskap i Noreg er eit lite brukt omgrep i geografisk sammenheng. Landet har likevel område som kan kallast landskap» står det, og nokon definisjon får me ikkje. Altså, omgrepet er lite brukt, men det skal likevel brukast, men me seier ikkje kva det er. Og litt lengre ut: «Landskap må ikkje forvekslat med fjorddistrikt». Neivel, kvifor ikkje? Og kva er skilnaden? Slik artikkelen står no, må dette kunne kallast ukvalifisert synsing utan indre logikk. --Ekko 19:38, 29 oktober 2007 (CET)

Og mangelen på logikk medfører at gamle fjerdingsnamn som Vefsn og Rana er nemnde som landskap. Dei bør nok ut, og heller inn i artikkelen Fjerdingar i Hålogaland. Den dagen vi har folk til å skrive den artikkelen Dei høyrer heime i artikkelen Fjerdingar i Helgeland.-Knut 22:36, 29 oktober 2007 (CET)

Denne artiklen har ikkje noko føre seg då ordet landskap i denne tydinga er ikkje vanleg i norsk, ein nytter i staden distrikt eller region. Opphavet er som oftast fogderi/futedøme eller prosti. Eg merkar han for sletting. --Eivindgh 27. mai 2010 kl. 12:54 (CEST)[svar]

Føreslår å flytte artikkelen til Distrikt i Noreg. -- Olve Utne 27. mai 2010 kl. 17:00 (CEST)[svar]

Strilelandet er korkje eit såkalla landskap eller noko definert distrikt. Om artikkelen ikkje blir sletta bør Strilelandet takast ut or lista! --Eivindgh 27. mai 2010 kl. 13:02 (CEST)[svar]

Gjennomfør sletting[endre wikiteksten]

Det som står i denne artikkelen er bare tull. Ordet landskap blir ikkje nytta i denne samanhengen på norsk. På svensk derimot nyttar ein landskap om landsdelar. På norsk vil ein nytte landsdel, område, distrikt eller region, alt etter kva ein snakkar om. Det er òg ei samanblanding mellom geografiske inndelingar og administrative inndelingar. I tillegg til å slette denne artikkelen må ein og slette Kategori landskap i Noreg.