Diskusjon:Dokumenttypedefinisjon

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg har bevisst kalla denne sida med det norske namnet, i motsetnad til no: som seie "Document Type Definition" (det same med XML Schema vs. XML-skjema). Eg tykkjer dette er det rette (med eventuelle fleirtydings/vidareføringssider). Kva er "policy" på slike engelske uttrykk? --Bep 8. feb 2005 kl. 2354 (UTC)

OK, eg avventar å lage fleire slike "problem" til eg finn ei god løysing på dette. --Bep 11. feb 2005 kl. 2156 (UTC)

Sjølv har eg lagt GNU Free Documentation License under det engelske namnet og laga omdirigering frå norsk omsetjing. Kan ikkje samanliknast heilt. Eg veit ikkje heilt korleis retningslinene bør vera på dette området, det ser ut som me treng retningsliner for namngjeving.... Sjølv tykkjer eg iallfall det er greit om ein legg slikt inn på norsk namn når det finst ei "offisiell"/innarbeidd/brukt form, og det burde vel denne artikkelen vera eit eksempel på, eller? Men dersom namnet blir brukt i tittelen tykkjer eg også det bør vera i bruk i artikkelen. --Guttorm 11. feb 2005 kl. 2230 (UTC)

Med mine døme hallar eg mot å oversetje og ha ei omdirigering til den engelske "omsetjinga". Eg har sett ein liknande diskusjon om norske medaljar frå kongen (eller kva det enn no var). Eg tykkjer det blir vel jålete at me skal ta opp i oss standard-definisjonar oppretta av W3C (og andre organisasjonar) og bruke det engelske uttrykket når det finst fullgode norske alternativ. Eg trur eg må lese manualen for oppretting av omdirigering... Men ei klar retningslinje på dette ville vore greitt!
Viss nokon veit kva ein ting heiter på t.d. engelsk (eller tysk/fransk/…), men ikkje på norsk, so får dei søkja i den engelske (tyske/franske/…) Wikipediaen, og med litt flaks finna ein interwiki-peikar frå den artikkelen til den norske. På norsk Wikipedia kan me ikkje ta omsyn til folk som ikkje kan norsk.
--Verdlanco (diskusjon) 12. feb 2005 kl. 1056 (UTC)