Diskusjon:Dvorak

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er vel litt drygt å hevda at norsk dvorak er tilpassa norsk språk for at me skal skriva raskast mogleg? I den "offisielle" norsk dvorak har ein jo berre putta inn æ,ø og å. H og U har ingenting på heimerekka å gjera. Til dømes. Grunnen til at det er som det er, er at internasjonal standard (diverre) har vorte sett høgare enn effektivitet på norsk.

Sigbjørn Hjelmbrekke

På nettsida om Norsk Dvorak (http://www.stenling.no/dvorak/) som det er lenkja frå i artikkelen står det: «Av hensyn til internasjonal standardisering bør man unngå ulik plassering av felles bokstaver. Riktignok er noe av tankegangen bak Dvorak basert på språkanalyse av hvilke tastekombinasjoner som forekommer oftest - men forskjellene mellom engelsk og norsk er sannsynligvis ikke store nok til å forsvare ulik plassering.» Eg les det slik at det er slik du seier, at internasjonal standard har vorte sett høgare enn effektivitet på norsk. Du er velkomen til å endre artikkelen slik at dette kjem betre fram. --Jorunn 14:12, 5 oktober 2006 (UTC)