Diskusjon:E-post

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

år 2005[endre wikiteksten]

Hei!

Har to kommentarar/spørsmål til artikkelen: 1: Om å lese epost. Det stemmer vel ikkje at ein lastar ned epost frå ein SMTP (simple mail transport protocol) server. Ein lastar ned frå ein POP3 (post office protocol)- eller IMAP4 (Internet Message Access Protocol)-server. SMTP er brukt for _utgåande_ epost. "Vanlege" epostprogram som Eudora, Outlook-familen, K-mail, Evolution og mvmf nyttar stort sett POP-serverar (der ein slettar epost frå serveren etterkvart), medan til dømes Mutt eller Pine, ulike typar webmail (som Horde) og alle dei andre nemde programma nyttar IMAP, der posten vert verandes på serveren til ein slettar sjølv.

2: Er det fornuftig å nytte forskjellige namn på omgrepet epost i same artikkelen? Burde ein ikkje einast av eit av dei og so heller liste opp dei andre slik det er gjort?

Eg skriv det kanskje om i morgon til slik eg meinar det skal vere om eg får tid.

-- Roger 22. des. 2005 kl. 20:52 (UTC), som ynskjer alle ei god jul!

1. Samanblandinga av SMTP og POP3 vart endra kjapt etter at det her innlegget gjorde den opprinnelege artikkelforfattaren merksam på problemet.
2. Nei, eg trur ikkje det er korkje forvirrande eller skjemmande å nytte meir enn ei nemning på same fenomen i ein og same artikkeltekst. Opphaveleg skulle eg gjerne lagt den på Straumpost, men er tvungen av nn.WP-retningslinene til å leggje han på hovudform-namn. (Det kritiserar eg ikkje, altso! Heilt naudsynt å ha logiske oppslagsord!)/ Kurtber|Ordskifte 30. des. 2005 kl. 11:04 (UTC)

Skjermbrev[endre wikiteksten]

Eg har lagt merkje til at ordet «skjermbrev» har vorte nytta i programmet «Dagsnytt Atten» på NRK 2, så eg søkte etter det i Nynorskordboka og oppdaga at det er med der. Eg tykkjer dette er eit turvande ord. Det høyrest (ny)norsk ut.

Ein bør vel òg skilja mellom post/e-post og brev/e-brev; ein sender brev i posten, eller e-brev via e-post. Eller kanskje ein sender skjermbrev via skjermpost?

Ein ser av og til uttrykket «straumpost». Dette er meiningslaust. Ein straum er mengda av noko per tidseining, til dømes ein vasstraun i eit rør (liter/minutt), ein elektrisk straum (Coulomb/sekund). Eg trur at den som fann på dette uttrykket tenkte på elektrisk straum og tenkte at ein kunne bytta ut «elektrisk post» med «straumpost». Det er ingen god analogi, etter som informasjonen vert handsama som spenningar (ikkje straum) i datamaskinar, svistjar, ruterar, etc. Kommunikasjonen mellom desse kan vert spennings-signal i elektriske kablar, elektromagnetiske bølgjer (sateliitoverøring) elleri optiske kablar (ljos er høgfrekvente elektromagnetiske bølgjer).

Kanskje vi bør tenkja på å kalla artikkelen «Skjermpost» (med naudsynte omdirigeringar)? --Sigmundg 12. juni 2011 kl. 15:56 (CEST)

«pushmail»[endre wikiteksten]

pushmail.
Bør kanskje nemnast i artikkelen (eller evt. i Sjå også-avsnittet). Helsing Sju hav (diskusjon) 14. oktober 2019 kl. 18:39 (CEST)