Diskusjon:Eidbukta

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ikkje leksikonverdig[endre wikiteksten]

Eg gjer framlegging om sletting med følgjande grunngjeving: Det er ikkje mogleg å finne leksikonverdig stoff om emnet. Det vil heller ikkje finnast slikt stoff i dei komande åra, i følgje vegplanar skal ein vegtunnel ha innslag like ved, men ikkje eingong det held til ein artikkel. Eg har vore i kontakt med SSB med spørsmål om hjelp til å finne leksikonverdig stoff. Svaret kan summerast opp slik: Publiseringa av 'tettstaden' kom første gong 20. juni 2008, gjeldande frå 1. januar. Tettstaden kan forsvinne igjen om eitt menneske flyttar ut og folketalet vert 199 i staden for 200. Det var SSB sjølv som oppretta staden og fann på namnet. Kommuneadministrasjonen protesterte ikkje.

Har også vore i kontakt med lokalkjente som ikkje fann noko leksikonverdig, det er berre ei lita husklynge. Folk vil ikkje finne på å slå opp i leksikon for å finne det ut. Om artiklar som dette står som dei står er det er form for misleiing, lesarar som ved tilfelle ramlar over artikkelen vil undre seg over kva elles er det med staden som ikkje står her – ettersom han fortener ein artikkel. Eit anna problem er at slike skildringar som kjem inn, i mangel på fakta, ofte vert svake eller til og med feil fordi skribenten ikkje er lokalkjent.

Eg trur ikkje dette dømet kan vere spesielt, så eg trur derfor nynorskwikipedia er i eit uføre når det gjeld kriterium for å ta med eller utelate stader. Eit bra utgangspunkt vil være lista over poststader i Noreg før nedlegginga tok til. Så kan ein supplere med stader / garder / senter / og anna som ein finn i bøker som folk har tillit til: NAF-vegbok, bøker om gardar i Noreg, Den norske los for stoff om kysten, bøker frå Den norske turistforening for stoff om turistsentre i fjellet o.s.b. Då vil ein finne artiklar av typen som folk vil søke informasjon om i eit leksikon. Roar 16. november 2008 kl. 13:01 (CET)[svar]

Eg er i mot sletting. Nettopp av di tettstaden er ukjent er det viktig at ein kan slå opp her og finne ut kva dette er for noko. Når han no fylgjer definisjonen me nyttar. --Ekko 2. desember 2008 kl. 14:38 (CET)[svar]
Det at SSB definerer/har definert ein stad som tettstad gjer han interessant, sjølv om ikkje noko anna ved han skulle vere det. Eg treng å kunne få vite kvar denne tettstaden er. --Jorunn 2. desember 2008 kl. 15:47 (CET)[svar]
Problemet er definisjonen av tettstad. Som eg tidlegare har prøvd å formidle, SSB sin definisjon er konstruert for statistikkføremål, slike ’tettstader’ kan kome og gå som for eksempel 7163 Svalia som to gonger har tippa over 200 innbyggjarar. Langt dei fleste med norskspråkleg bakgrunn vil vente å finne noko meir i tillegg til 70 bustadhus på ein tettstad. Døme på ein ny tettstad i den tydinga folk flest legg i omgrepet er det som her planlagt her, første nye tettstaden i landet på 50 år som dei hevdar. Skriv gjerne artiklar om husklynger, men ikkje kall det for noko anna enn kva det er på det språket folk flest med norsk som morsmål nyttar. Korte artiklar om husklynger kan ha nytte som referansepunkt i geografiskildringar, men eg ser ikkje noko magisk ved 200-grensa. Om det finst etablerte stader like ved eit nybyggarfelt på lista over poststader, med større folkesetnad og service- næringsverksemd det betre å lage artiklar over dei stadene. Stader med namn og stader som folk kjenner igjen er det som er interessant, ikkje dei konstruerte statistikkobjekta. Roar 6. desember 2008 kl. 12:06 (CET)[svar]
Men kan du komma med ein klår definisjon på tettstad som me kan nytte i staden? Og som gjev oss færre tvilstilfelle enn det me har no? Og som gjev oss dokumenterbar kunnskap me kan setje i leksikonet? Og til orientering, ei grense treng ikkje vera magisk. Dei fleste grenser har det til felles at det er knaprt målbar skilnad på det som finst på den eine og på den andre sida. Men skal ting definerast må me ha grenser for hva som fell innafor og utanfor definisjonen. --Ekko 6. desember 2008 kl. 12:21 (CET)[svar]
Prøv å leggje bort tettstad som styrande for det som skal med i eit leksikon. Som det går fram av artikkelen er omgrepet relativt nytt og eg trur ikkje det passar bra for å skildre busetinga i Noreg. Har allereie føreslått stader i postnummerlista plus plus. Roar 6. desember 2008 kl. 12:40 (CET)[svar]
Slik artikkelen er no gjev han meg akkurat den informasjonen eg treng når eg i lista over tettstader definert av SSB lurer på kva dette er for noko. Eg meiner denne informasjonen bør finnast ein stad hos oss, om det anten er i ein eigen artikkel som no, eller omdirigert til ein artikkel som skildrar problematikken som Roar skriv om. Det eine utlet ikkje det andre, så sjølv om me har artiklar om SSB-definerte tettstader tyder ikkje det at me ikkje kan ha artiklar om andre busetjingar, og då kan eg ikkje heilt sjå kva som er problemet. Om ein kan vise til at ein stad vert kalla ein tettstad på folkemunne, så kan vel dette og at han fell utafor definisjonen til SSB nemnast. Det er vel ikkje verre enn det? --Frokor 6. desember 2008 kl. 15:50 (CET)[svar]
Akkurat. --Ekko 6. desember 2008 kl. 16:50 (CET)[svar]
Eg trur artiklar om småplassar kan vera av stor interesse for folk som har flytta ut, eller har røter der. Om artiklane inneheld lokalhistorie vil dei òg vera av interesse for til dømes skuleelevar. Eg trur ikkje det er praktisk å setta ei grense for folketalet, ettersom det finst mange fråflytta bygder, fiskevær, fjellgardar osb. som i ein eller annan samanheng kan vera av stor historisk interesse. --Sigmundg 6. desember 2008 kl. 17:28 (CET)[svar]

Det er ikkje slik at stader med historie eller med interessant verksemd i dag vert utelatne her. For eksempel finst Lysebotn her sjølv om kommunen etter SSB sitt syn ikkje har ein einaste tettstad. Men fokus blir feil når små og tilsynelatande tilfeldig valte husklynger vert presentert som tettstader. Det blir vrangt og misleiande i eit leksikon. Lista frå SSB er lite brukeleg for å finne stadene der det bur folk. Ikkje inneheld ho mange av dei største tettstadene i landet og dei minste husklyngene som ho presenterer som ’tettstader’ har ikkje noko i leksikon å gjere. Lista ramsar berre opp busetnadar utanfor bykommunar som SSB med sine verktøy meir eller mindre tilfeldig har klart å isolere. Sjå òg «lokalhistoriewiki.no Tettsted» om andre tettstader som fell ut.

Lista over norske poststader dekkjer alle områda kor det bur folk etter ein struktur som har fungert for Posten. Om SSB er største autoriteten, kan ein bruke inndelinga i Delområder og grunnkretser 2006. Ein annan veg inn til stader kor folk bur er liste over barneskolar og barnehagar. Utfordringane med bruk av slike lister er at dei ikkje inneheld tal / fakta og derfor krev lokal kunnskap eller andre kjelder for å byggje artiklar. Her er ein versjon av ei sjekkliste. Ho er ikkje perfekt, spesielt ikkje på dei store byane, ingenting om stader i Oslo. (Kjelde er 99% Posten si liste)

Vi skriv for dei som les artiklar, ikkje for oss sjølve. Med Eidbukt i søkefeltet ville eg som lesar utan spesielt forhold til SSB-statistikk vente å få ein artikkel med ei linje for kvar vik eller havbukt som har dette namnet, eller næraste fjord med denne bukta (som t.d. Glomfjorden for Eidbukta i Meløy). Og ingenting om statistikkobjektet Eidbukta. Viss ikkje denne artikkelen vert sletta, foreslår eg:

  1. flytting til SSB-tettstaden Eidbukta eller
  2. omdirigering til ein artikkel om området / kretsen som SSB:Eidbukta går inn i, som eg trur er 18370114 Neverdal. Med ei linje om SSB sitt statistikkobjekt Eidbukta og ei linje (med peikar) for kvar vik eller havbukt Eidbukt(a) hvis dei er verdt ånemne.

Roar 9. desember 2008 kl. 00:19 (CET)[svar]

Store Norske Leksikon har artiklar om dei fleste stadene som står på tettstadlista til SSB. Om Eltonåsen heiter det t.d. «Eltonåsen, tettsted i Nannestad kommune, Akershus; 827 innb. (2007), 10 km vest for Jessheim. Boligområde.» Men det er noko treigheit der (dei nyaste folketala deira er frå 2007), og det er ikkje artikkel om verken Ploganes eller Eidbukta enno, men Ploganes er omtala som tettstad i artikkelen om Kvam kommune. Det er ikkje berre SSB som definererer tettstad slik, Nynorskordboka seier: «by el. annan tett busetnad med over 200 innbyggjarar» --Jorunn 9. desember 2008 kl. 01:14 (CET)[svar]

Eg ser ikkje kvifor me skal gjera dette vanskeleg. Me kan nytte testadsdefinisjonen til SSB, i tillegg bør alle plassar som har eller har hatt eige postnummer ha artikkel. Dersom ein tettstad ikkje er kjent som det på folkemunne kan ein vel gjere merksam på det i artikkelen? Dersom noko som er kjend som tettstad ikkje blir rekna som det av SSB (av di staden er ein del av ein tettstad) kan ein gjere merksam på det i tettstadsartikkelen (sjå t.d. Kjenner (ukjend) og Lierskogen (kjend). Lierskogen burde uansett ha eigen artikkel pga. postnummer-regelen.). --Ekko 9. desember 2008 kl. 09:30 (CET)[svar]