Diskusjon:Einangsteinen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er det rett at runene ikkje er rissa/hogne? Etter det eg høyrde i radioen var det brukt måling for å markere dei betre, og det vart forsvart med teksten pluss ein teori om at runene opphavleg var markerte med måling. Nokon som veit eller har kjelder som veit? --Knut 21. februar 2010 kl. 08:59 (CET)[svar]

Eg reagerte nettopp på det same. Eg såg nettopp desse runene på ferieturen min. Eg tenkte aldri der og då at det kunne vera opphavleg måling som var igjen på steinen i dag. Det ville jo i så fall ha vore sensasjonelt, og ville ha vore gjort eit stort nummer ut av. Om det har vore sagt på radioen at det er moderne måling, så er det heilt sikkert sant. Eg skal sjå om eg kan finna nokon kjelder på dette.--Barend 29. juli 2010 kl. 12:00 (CEST)[svar]
Sjekka med Spurkland - "I begynnelsen var fuþark" (som forøvrig er ei glimrande bok). Runene er rista, og målinga er ikkje original.--Barend 3. august 2010 kl. 22:24 (CEST)[svar]
Det arbeidet fortener du minst ein F for. --Ranveig 3. august 2010 kl. 23:44 (CEST)[svar]