Diskusjon:Eirik Raudes Land

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kategori:Noreg i krig[endre wikiteksten]

Trass i at det ikkje vart utløyst nokon skot innvaderte vi dansk territorium. Grunnen til at ingen skaut nokon var at det ikkje fantes menneske i området... Like fullt er det ei krigshandling når ein nasjon sender væpna soldatar (Marinen) inn på territoriet til eit anna land for å kreve det som sitt eige. Hadde vi stått på grensa til dansk territorium og trua med å trakke over hadde det ikkje vore krig, men når vi trakkar over er det krig. kurtber 18. apr 2005 kl. 2134 (UTC)

Så vidt som eg hugsar var ikkje marina direkte med i okkupasjonen. Under Grønlandssaka har eg lista opp ymse litteratur. Me kan sjekka detaljar i saka der. Okkupasjonen var i utgangspunktet eit privat føretak av nokre fangstmenn, som regjeringa stødde opp om i ettertid. Uansett var det ikkje erklært krig mellom Noreg og Danmark. Grønlandssaka vert ofte drege fram som ei sak der to statar let ei konflikt avgjera på fredeleg vis gjennom internasjonal rett. --Gunnernett 19. apr 2005 kl. 0736 (UTC)