Diskusjon:Ekteskap i swahilikulturen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2007.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2007

Om artikkelen[endre wikiteksten]

Denne artikkelen er basert på ei semesteroppgåve gjeve i modul C i AfrikastudierNTNU i Trondheim. Oppgåveteksten var:

a. Examine in depth the marriage customs, traditions and systems of the Waswahili.
b. Examine the advantages and disadvantages of the nuptial systems of the Waswahili and indicate how they could or could not coexist with nuptial systems of your own culture and civilization.

Oppgåvesvaret vart godkjend. Det som sensoren peika på har vorte retta på.

Det vil nok vera mykje arbeid att for å gjera artikkelen like nøytral og leksikal som ein god Wikipedia-artikkel bør vera.

Gjeremålsliste/kva står att[endre wikiteksten]

  • Overgangsseremonidelane bør skiljast ut i eigne artiklar.
  • Klare islamske reglar om kven ein kan gifte seg med. (sjå http://www.jamaat.org/islam/marriage.html)
  • Tett hol i kunnskap om jenter og gutar sine overgangsriter.
    • Korleis overgangsritene vart gjort før blir beskrive i Harries 1965:167-168 for gutar og 169-170 for jenter.
  • Få klarlagt korleis eigedom blir arva, sidan dette har mykje å seie for aristokratane sine parallel-cousin ekteskap, og country-townarane sine "inkluderande" ekteskap.
  • Betre skilje mellom Ndoa ya rasmi og andre "ekteskap"?
  • Kven signerar ekteskapskontrakta?
  • Kven spør brura om ho verkjeleg vil gifta seg?
  • Kan vitne og verge vera kvinner?
  • Konsekvent at mannen giftar seg med kvinna og ikkje omvendt.
  • Alternativ til "aristokratane"? Dette er vel ein arabisk overklasse, ev. swahili-arabisk? Er "overklassen" betre?
  • Konsekvent swahili i parentes ved bruk av swahiliuttrykk.
  • At swahilikultur er islamsk blir repetert fleire gonger.
  • Kva shilling er det snakk om? Kenya eller Tanzania?
  • Kva er fortid og kva er praksis i dag?
  • Dersom frieriet (poso) blir utført av ein mshenga, korleis får då brudeparet møtt kvarandre, når skjer dette? Gangen i frieriet er litt uklar.
  • Få klarare fram polygami.
  • Er litt uklart kva som sto om suria i koranen.
  • Få fram at skilsmisse på ingen måte er uvanleg, det blir til og med nemnd i bryllaupet. ", (and if you wish to leave each other), do leave her with due kindness and civility" (Amidu 2005|12|s. 15)
  • Er bryllaup alltid på arabisk? "The wedding is conducted in Arabic" (Amidu 2005|12|s. 15)

Dårlege formuleringar[endre wikiteksten]

  • "og sjå til at arv går den rette vegen"
  • "Dette er obligatorisk og blir gjort av mannen eller når det er eit arrangert ekteskap av mennene i mannen sin familie på hans vegne"
  • "Brudgommen blir kalla Bwana Harusi og brura Bibi Harusi", her trengst det noko före
  • "eller ein slaveeigar som har sett brura (slaven) fri", dette bör settjast i samanheng
  • "Brudgommen blir vanlegvis teken til brura som er hjå hennar familie, torsdagen etter bryllaupet, av eldre slektningar, vener, eller begge" forenklast, oppdelast

Artiklar som kan skrivast/omsetjast for å belysa emnet[endre wikiteksten]

Sitat til hjelp[endre wikiteksten]

  • "Up to the age of seven a girl is called kigori, and when she is fifteen she is called mwari." (Harries 1965:161, skrivefeil i digital original er retta)

Ordet "swahili"[endre wikiteksten]

Veldig interessant og djuptgåande artikkel! Men...

Eg trur ikkje "swahili" kan brukast som adjektiv på norsk, derfor blir tittelen Swahili ekteskapstradisjon, og kategoriane "Swahili kultur" og "Swahili tradisjon", noko feil.

Så vidt eg veit er swahili på norsk namnet på språket, medan swahilifolk eller swahilikultur kan brukast om dei som opphavleg brukte det. "Swahilisk" er òg eit brukt adjektiv, ser eg av Google, men det blir visst helst brukt om språket. "Swahiliar" (-er, -ere) er dessverre ikkje brukt, sjølv om eg synest det kunne vera eit godt ord.

Det finst mange stader ein kan flytta artikkelen, det viktigaste for meg er å få vekk særskrivinga. -- Ranveig 25. mai 2005 kl. 2126 (UTC)

100 % einig med Ranveig: Særskrivne samansetjingar med swahili blir ikkje rett på norsk. Eg trur «swahilisk ekteskapstradisjon» eller «ekteskap i swahilikulturen» vil stemme betre med norsk språkføring. -- Olve 26. mai 2005 kl. 0328 (UTC)
Eg liker best ekteskap i swahilikulturen, då kan me ha ein heil serie med artiklar om ekteskap (og fødsel, død, overgang til vaksen...) i ulike kulturar. (Dette er sjølvsagt òg mogleg med det andre forslaget til Olve). -- Ranveig 26. mai 2005 kl. 1759 (UTC)
Eg har grubla ein del på bruken av swahili, har du lest heile teksten? der har eg jo brukt swahili på fleire ulike måtar, kanskje det er meir som bør rettast og kommenterast (ser iallfall at eg har brukt det som adjektiv). Flytting er ikkje noko problem for meg, men først kan eg jo prøva å dela litt meir (relevant?) kunne. På swahili blir språket kalla kiswahili, folket waswahili og ein swahilisk person mswahili. Det ser ut til at swahiliane sjølve (t.d. min prof. Amidu) prøver å få gjennom denne bruken (særleg kiswahili) i engelsk og ev. andre språk også. Såleis finn ein kiswahili på wordnet. Ellers kunne eg kanskje prøva å finna noko skikkeleg norsk litteratur om swahiliane og sjå korleis det blir skrive... --Guttorm 26. mai 2005 kl. 2125 (UTC)
Kan også nemne kor ulikt og veriert Ordboka dekkjer språk/folk/kultur-ord: norsk dekkjer språket og Noreg og nordmenn, somalisk dekkjer Somalia og somaliarar, swahilisk er ikkje med, tutsi dekkjer språket og viser til watutsi som skal vera folket (men som eg aldri har høyrd om). Men så var det vel heller ingen som protesterte på bruken av swahiliisk om folket og kulturen som språket har sitt utspring frå:-) Eg ville berre nemna det. --Guttorm 27. mai 2005 kl. 1852 (UTC)
Viss Nynorskordboka er inkonsekvent og manglar eit adjektiv for swahilisk, så er vel det ein mangel ved ordboka og ikkje språket vårt :-) Språkrådet kan sikkert gje råd om kva for skrivemåte som passar best for adjektivet. --GauteHK 27. mai 2005 kl. 2102 (UTC)
Det var ikkje meininga å klage på språket:-) Verdlanco tok så vidt eg veit kontakt med Språkrådet når han omsette statistikksidene, og der står det swahili, kanskje han har ein kommentar?--Guttorm 29. mai 2005 kl. 1846 (UTC)
Gaute: Einig i at dette er sløvt av Nynorskordboka. Med skrivemåte, meiner du swahilisk mot svahilisk? Det siste er kanskje meir norsk av seg (jamfør kanadisk), men swahilisk er nå allereie brukt i skrift, då.
Eg går gjennom artikkelen nå og flytter han til ekteskap i swahilikulturen dersom ingen har noko imot det. -- Ranveig 29. mai 2005 kl. 1007 (UTC)

Eg reknar med ein swahili bør gjerast om til ein swahiliperson? --Guttorm 17. jun 2005 kl. 1103 (UTC)

"Ein swahiliar" sit nå litt lausare på tunga. -- Ranveig 18. jun 2005 kl. 0849 (UTC)