Diskusjon:Elefantfamilien

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Namn på andre språk[endre wikiteksten]

Er det noe poeng i å ha den boksen med namn på elefanten på andre språk? Er det ikkje nok med interwikilenkjene? --KRISTAGAα-ω 30. september 2010 kl. 03:22 (CEST)[svar]

Samd. --Frokor 30. september 2010 kl. 06:01 (CEST)[svar]
Eg oppretta denne malen i juni, fekk ingen negativ respons på han då (sjå Maldiskusjon:Infoboks namn på andre språk) og har brukt malen sidan. Som eg sa då: Dersom den almenne stemninga er at ein slik tabell/mal er forstyrrande og ikkje bør brukast, så slettar eg han sjølvsagt. Eg synest han tilfører interessant informasjon for oss som er interesserte i språk. Interwikilenkjene har ein heilt annan funksjon, sjølv om avanserte brukarar kan finna litt av den same informasjonen på ein meir tungvint måte ved å bruka dei.
Det er altså eit poeng for nokon av oss å ha den boksen der. Spørsmålet er om det er viktigare for dykk å ikkje ha han der.--Barend 3. oktober 2010 kl. 17:47 (CEST)[svar]
Det som slår meg når det gjeld denne artikkelen, er at han er for liten samanlikna med storleiken på dyret han omtalar. Eg veit ikkje om han vinn noko på at vi fjernar malen. Barend har rett i at iw-lenkjene har ein heilt annan funksjon. På den andre sida kan slike boksar vere forstyrrande - om ikkje her, så kanskje i andre artiklar.
Men det skulle vel vere muleg å lage tabellen slik at han normalt var skjult (berre overskrifta vistest), og utvida seg ved eit klikk?--Knut 3. oktober 2010 kl. 18:00 (CEST)[svar]
Boksen skil seg frå interwikiane ved at namna på andre språk står i klartekst, ein treng ikkje trykka på ei lenkje eller halda musepeikaren over henne for å få kvart og eitt fram (eller venta på at alle interessante språk skal ha artikkel om emnet), og at det er rom for fleire enn eitt namn for kvart språk. Dei har ein annan funksjon som eg, i det minste, synest er nyttig. --Ranveig 3. oktober 2010 kl. 18:03 (CEST)[svar]
Eg syns i kvart fall at denne boksen ikkje trengs. I artikkelen om elefanten ser det ekstra dumt ut da det nesten ikkje er tekst, men to store boksar. Viss noen ser på artikkelen om elefant (eller andre dyr) vil eg tru at informasjon om kva elefant heiter på andre språk er noe av det siste dei ser etter. Og viss dei faktisk skulle vera interessert i det vil de sikkert lesa meir på det aktuelle språket og da kjem dei til å klikke på interwikilenkjen uansett. --KRISTAGAα-ω 6. oktober 2010 kl. 12:11 (CEST)[svar]

maskinoversett frå nbwiki[endre wikiteksten]

Elefantar/Maskinoversett

Denne artikkelen handlar om elefantfamilien (Elephantidae), som også omfattar mammut. Dei fleste wikipediaer har ein artikkel om elefant, som ikkje er ei vitskapleg gruppe men som dei fleste har ei førestilling om. Eg trur me også treng ein slik artikkel, kanskje med utgangspunkt i den maskinomsette artikkelen over. Kanskje bør me også flytta vår noverande Elefantar til Elefantfamilien for å gjera det tydelegare kva artikkelen handlar om. --Ranveig 10. november 2010 kl. 17:34 (CET)[svar]