Diskusjon:Elektronikk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nivå på artiklar[endre wikiteksten]

Er noko usikker på kva nivå ein skal legge seg på i slike artiklar. Vil hovedmålgruppa til wikipedia vere skuleelevar, så kan ein fort diverre hamne på eit for høgt nivå her. Nokon som har kommentarar til dette? Reknar med dei som har skreve andre vitskaplege artiklar innanfor andre fagfelt har tips? Roger

Tenkjer du på "Elektronikk"-artikkelen eller artiklar um elektronikk ålment? Artikkelen "Elektronikk" trur eg bør skrivast på ein mest mogleg tilgjengeleg måte, med tilvisingar til andre elektronikkartiklar, til dømes "diode", "kondensator", "mikroprosessor" osb. I desse serartiklane tykkjer eg det bør skrivast mest mogleg detaljert, til dømes kunde eg godt tenkt meg ein artikkel um emnet "bipolar transistor" der ein gjeng detaljar gjenom verkemåten åt transistoren og gjerne med utleiding av dei viktugaste likningane. Men her som elles gjeld det å skriva mest mogleg forståeleg, til dømes at ein tek med eit innleidande avsnitt fyrst som fortel kva ein transistor i grove drag er for noko, etterfylgt av eit framhald som gjeng meir i djupni.
Linuxboksen
Eg tenkjer litt på begge delar, og delar nok synet ditt på at ein bør bli meir og meir avansert etterkvart som ein går inn på detaljerte nivå. Finnast det nokon form forum for tilbakemelding frå brukarar av wikipedia på om artiklane er forståelege og/eller nyttige?
Roger