Diskusjon:Elektronisk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

SNL står rett nok oppgitt som kjelde, men teksten her ligg mange stader svært tett opp til deira artikkel. Burde ein ha omskrive meir for å unngå opphavsrettsbrot? Martin NH 21. september 2012 kl. 17:55 (CEST)

Med tanke på Allkunne-saka ville eg tilrå å fjerne alle spor av snl.no frå artikkelen. Eg trur vi skal vere varsame med å bruke andre leksika som kjelder til innhald i wikipedia-artiklar. Termar og omgrep kan ikkje vere opphavsverna, vi kan bruke snl.no og andre leksika flittig til kontroll av omgrepsdefinisjonar.
Vi må òg sjå på merovingartida og sufisme. --Roar (diskusjon) 22. september 2012 kl. 07:52 (CEST)
Her er mange artiklar med SNL-stoff, ikkje berre dei nemnde. SNL-artikkelen om merovingartida har fri lisens, det har ikkje den om elektronisk musikk. Eit spørsmål er òg kva lisens som var på SNL-artikkelen då artikkelen her var oppretta? Det verkar som om lisensen kan endrast på artiklar av dei som arbeider med dei. Viss artiklane frå starten var laga av den gamle redaksjonen har dei fått fri lisens, men om så einkvan går inn og arbeider med artikkelen så kan dei endre lisensen. Det er ein historikklogg på artiklane der. Om det har vore noko endring på lisensen går det ikkje fram av loggen. Mest truleg har artikkelen aldri hatt fri lisens, han har oppgjeven forfattar. SNL-artikkelen om sufisme har no "begrensa lisens". I følgje historikken var han lagt inn av Kunnskapsforlagets papirleksikon, og kan i teorien ha hatt fri lisens frå starten. Skilnaden på versjonane er at nokre ord er vortne lenka. Eg kan ikkje sjå at det går fram av historikken om det er slik at artikkelen har hatt ein annan lisens før. Viss det er tilfelle at det ikkje framgår gjer det det vanskeleg å gjennbruke stoff derfrå her, lisensen kan skifte når som helst, og då går det ikkje fram nokon stad kva lisensen har vore før. --89.8.132.126 22. september 2012 kl. 08:36 (CEST)
Det er mogleg å arkivera nettsider, til dømes på http://www.webcitation.org/ . Dette er truverdige stader som kan stadfesta at ein artikkel hadde fri lisens (eller ikkje) på eit visst tidspunkt. Så i prinsippet skulle det ikkje vera noko i vegen for å gjenbruk av fritt innhald. Men det er godt mogleg at stoffet på dei nemnde sidene aldri har vore fritt, og då må me nok kvitta oss med det. --Ranveig (diskusjon) 22. september 2012 kl. 12:11 (CEST)

Tospråkleg[endre wikiteksten]

Det som står i fotnoten bør vel omsettast til norsk, slik at ein ikkje endar oppmed to språk i same artikkel. --Sigmundg (diskusjon) 22. september 2012 kl. 14:22 (CEST)

Det er direkte sitat. Om dei hadde vore del av sjølve artikkelen kunne ein nok ha omsett dei, men i så fall bør nok originalteksten framleis stå i ei note. --Ranveig (diskusjon) 22. september 2012 kl. 14:27 (CEST)
Spørsmålet er vel om det er ynskjeleg med sitat på andre språk. Føremålet med WP på nynorsk er vel å ta vare på den nynorske kulturarven, så om det vert mange slike engelske sitat ender ein fort opp med WP på nynorsk og engelsk. Om ein aksepterer sitat på engelsk lyt ein òg akseptera sitat på tysk, fransk, russisk og så vidare. Og urdu, som mange nordmenn òg talar. Prøv å sett inn eit nynorsk sitat på engelsk WP og sjå kor lenge det vert ståande. Eg meiner det er betre å syna til ein artikkel, eller ei bok, der sitatet står. --Sigmundg (diskusjon) 22. september 2012 kl. 15:23 (CEST)
Det går å omsetje sitata og samtidig behalde originalteksten. T.d. ved å ha omsetjinga i artikkelteksten og originalen i fotnote. Då kan dei som skjønar originalspråket lese originalen om dei vil. Det er eit mål at alt er tilgjengeleg på nynorsk. --178.232.16.249 22. september 2012 kl. 23:28 (CEST)
Kvifor treng ein den engelske teksten om han er omsett? Om vi held fram med å blanda inn engelsk har vi snart ikkje eit språk som heiter norsk. --Sigmundg (diskusjon) 23. september 2012 kl. 08:13 (CEST)