Diskusjon:En passant

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg ser at uttalen for sjakktrekket vart endra frå angpassan til en passan. I følgje nynorskordboka er uttalen for uttrykket generelt angpassan [1]. Men er det slik at ein annan uttale er etablert for sjakktrekket? -Knut 08:19, 26 april 2008 (CEST)

Eg spelar ikkje sjakk, men trur likevel ikkje at uttalen er annleis. Nynorskordboka er bra på nynorsk, men ingen autoritet på fransk uttale (sjølv om han Sylfest talar fransk). Det er ingen «g» i uttalen og fyrste lyden minner meir på «e» enn på «a». Eg trur det beste ville vera å få ein av dei spåkkyndige til å skriva det med lydskrift. --Sigmundg 08:41, 26 april 2008 (CEST)
Då inneheld artikkelen ein feil, i og med at han no gjev opplysningar om ulik uttale mellom sjakkuttrykket og dagleguttrykket. Nynorskordboka skal ikkje gje att korrekt fransk uttale, men korrekt uttale i norsk av eit uttrykk med fransk opphav. I somme høve vert det samanfallande, ved andre høve ikkje. Nynorskordboka brukar ikkje lydskrift, så 'g'-en i 'ang-' skal nok ikkje uttalast som '-g-'. Men du har rett i at vi bør bruke lydskrift for å unngå mistyding. -Knut 09:33, 26 april 2008 (CEST)
Eg går ut frå at nynorskordboka siktar til «standard fransk uttale», men du har truleg rett i at norske sjakkspelarar ikkje nyttar franske uttale. Dette fekk meg til å tenkja på soga om ein kjendt norsk forfattar som reiste til Paris, etter å ha pugga fransk frå ei lærebok. Då han kom attende til Kristiania fortalte han at han ikkje var særleg imponert over franskkunnskapane til franskmennene, for dei skøna ikkje kva han sa. Om det er eit snev av sanning i denne soga veit eg ikkje. --Sigmundg 09:50, 26 april 2008 (CEST)