Diskusjon:Enklave og eksklave

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I artikkelen står det:"I politisk geografi er ein enklave eit landstykke som er fullstendig omringa av eit utanlandsk område". Dette høyrest litt upresist ut. Slik eg forstår engelsk wikipedia er ein enklave eit landstykke som er heilt omringa av EIN EINASTE stat, men ein stat som dette området ikkje er ein del av, men der området snarare er ein del av ein annan stat som området er ein eksklave til. Dersom til dømes Oppland hadde vore ein del av Sverige, så ville Oppland då ha vore ein eksklave til Sverige og ein enklave i Noreg. Kaliningrad er derfor ein russisk eksklave, men ikkje ein enklave i noko land, sidan området grensar til både Litauen, Polen og Austersjøen. --Oddeivind (diskusjon) 24. august 2013 kl. 20:29 (CEST)[svar]