Diskusjon:Eurokommunisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Uklårt[endre wikiteksten]

Eg synest ein del av det som står i denne artikkelen er noko uklårt. Det vert framstilt som om dette er ein ideologi, utan at det eigentleg vert forklart kva som skil ideologien frå andre ideologiar. Særleg siste avsnittet synest eg verkar meiningslaust slik det står no:

  • Eurokommunismen utvikla seg gradvis etter andre verdskrigen, særleg etter Nikita Khrusjtsjov sine avsløringar av Stalin-regimet i Sovjetunionen og dei sovjetiske militære intervensjonane i Ungarn i 1956 og Tsjekkoslovakia i 1968. - At Sovjetunionen hadde eit Stalin-regime var vel ikkje nett ein løyndom som kunne «avslørast», så det må koma fram kva det eventuelt var han avslørte ved dette regimet. Om denne setninga er eit viktig poeng, bør det òg stå noko om kvifor det var viktig for nett denne retninga innan partifloraen på venstresida.
  • Iallfall frå ca 1970 er eurokommunismen ein eigen variant av kommunisme, og ikkje ulik den venstresosialismen som hadde oppstått i Norden. Variant av kommunismen må enten handla om ein variant av det klasselause samfunnet, eller ein variant av den kommunistiske ideologien, altså ideologien om kvifor ein vil ha det klasselause samfunnet, korleis ein skal koma seg dit og korleis samfunnet skal sjå ut.. Om setninga skal gje ein leksikonlesar innsikt, må det forklarast kva som gjer denne retninga til ein «eigen variant» i større grad enn då omgrepet vart oppfunne, og eventuelt kva som skil det frå sosialdemokratiet.

I tillegg til at det som alt står her, bør konkretiserast, synest eg det vil vera ein fordel om artikkelen listar opp dei (viktigaste) partia som kallar seg desse tinga. --Tannkrem 28. april 2010 kl. 16:01 (CEST)

Her er nokre greie kjelder:
Nokre stader er det skildra som ei tidlegare retning. Den gradvise utviklinga etter andre verdskrigen osb. finn eg ingen kjelder på. --EIRIK\diskusjon 28. april 2010 kl. 16:18 (CEST)
Nei, og det er nett slike påstandar eg synest gjer artikkelen dårleg. Eg fjernar det avsnittet eg då. --Tannkrem 28. april 2010 kl. 16:36 (CEST)
Når eg ser nærmare etter, ser eg forresten at noko av forklaringa låg i artikkelen som heitte reformkommunisme. Det oppslagsordet omdirigerte eg hit fordi artiklane ikkje hadde kjelder og fordi dei to oppslagsorda vart definerte som det same. Viss nokon vil fletta innhaldet inn, og grava fram kjelder som passar til påstandane, er det fritt fram. --Tannkrem 28. april 2010 kl. 17:55 (CEST)