Diskusjon:Evangelium

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg gjer merksam på at ein ikkje kan skrive "upp" innan gjeldande nynorske rettskriving. "Upp" er heller ikkje gjennomført i teksten. Dersom Jarle insisterer på "upp", kan han kanskje vurdere full omskriving til høgnorsk? --Erling 9. august 2005 kl. 17:08 (UTC)

Vel, eg meinte no ikkje å skriva uppstode her. Grunnen er greid nok — eg skreiv teksten på høgnorsk fyrst, fyrr eg tilmåtade han i samsvar med gr. (gjeldande rettskriving). At «umsetjingi» glapp på dette eine ordet kann eg berre orsaka... –Jarle 9. august 2005 kl. 17:22 (UTC)
Det er heilt i orden. Vi er her for å hjelpast åt. Skulle du sjå noko eg skriv som er ugreitt, anten det gjeld innhald eller språklege former, så sei gjerne ifrå! Vennleg helsing --Erling 9. august 2005 kl. 17:26 (UTC)