Diskusjon:Evolusjonsteorien

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artikkeltittel[endre wikiteksten]

Kva grunnlag har me for å kalla artikkelen «Utviklingslæra» heller enn «Evolusjon»? I fagmiljøa brukast ordet «utvikling» først og fremst om prosessen som byggjer opp ein einskild organisme frå eit befrukta egg til eit fullt utvakse individ, medan evolusjonen tek for seg endringar over generasjonar.

Å nytta for mange framandord kan vera problematisk, men berre når det er avvikande frå innarbeidd terminologi og ordbruk i vanleg norsk. Omgrepet «utviklingslæra» om evolusjon ved naturleg utval er noko eg aldri har sett andre stadar enn her.Gunnar Mikalsen Kvifte 18:57, 1 mars 2008 (CET)

stykkjet 20:25, 1 mars 2008 (CET)

Bokmålswikipedia set ord på problema eg har med ordet "utviklingslæra" for "evolusjonsteorien": "Begrepet utviklingslære brukes iblant synonymt med evolusjonsteorien, men bør unngås. For det første betegner utvikling i biologien individualutviklingen gjennom et livsløp, ikke artsutvikling over generasjoner. For det andre betegner lære ofte et dogme snarere enn en vitenskapelig teori." I det store og det heile er bokmålsversjonen særs mykje betre enn vår.
Om ikkje eg får gode argument for det motsette, vil eg flytta artikkelen til "evolusjon" og erstatta han heilt eller delvis med ei omsetjing av bokmålsutgåva.--Gunnar 17. januar 2009 kl. 01:30 (CET)[svar]
Andre WP-ar (fransk, tysk, engelsk, romansk, katalansk, ...) nyttar evolusjon, noko som stør opp under Gunnar sitt argument. --Sigmundg 17. januar 2009 kl. 09:50 (CET)[svar]

Eg finn det noko problematisk at alle bileta i artikkelen har med Darwin å gjera; evolusjon er på inga måte synonymt med Darwin sjølv om han fann ut mykje om det. Det er i det store og det heile vanskeleg å illustrera eit så breitt og teoretisk emne som evolusjonen, men å berre illustrera historiske figurar frå studiet av teorien er å gje eit skeivt bilete av kva det eigentleg dreier seg om. Portrettet av Darwin høyrer ikkje heime som hovudbilete for artikkelen, å finna eit alternativ er derimot ikkje lett det heller.

Til høgre visar eg nokre aktuelle figurar eg har funne, med argument for og mot i bilettekstane.

Den einaste figuren over alt liv eg har funne som ikkje går imot etablerte forskingsresultat. Derimot dreier han seg kanskje litt for mykje om bakteriar; her er det frykteleg mange namn kor eg personleg berre kjenner att kanskje sju-åtte stykk. Bakteriefokuset er greitt i og med at det er bakteriar ein finn mest av på Jorda, men som illustrasjon er figuren dårleg sidan han berre i litan grad speglar kva lesarane våre er truande til å interessera seg for.
Sjiraffar som døyr fordi dei ikkje har lang nok hals. Veldig illustrerande overfor korleis naturleg utval fungerar, men estetiske omsyn gjer at eg kvier meg litt for å ha han som hovudbilete. Kan gjerne setjast inn i avsnittet om evolusjonsfaktorane?
DNA-tråd som vert kopiert. Vakkert, enkelt og relativt relevant; det einaste måtte vera at det ikkje foregår nokon mutasjon på teikninga. Sidan DNA-replikasjon er hovuddrivkrafta i evolusjonen er nok likevel dette den beste kandidaten til å verta hovudbilete i artikkelen.

--Gunnar 2. februar 2009 kl. 21:14 (CET)[svar]

på framsida vurderer eg desse bileta:

Hogne 3. februar 2009 kl. 22:08 (CET)[svar]

Den første illustrerer det best, tykkjer eg. --Bep 3. februar 2009 kl. 22:28 (CET)[svar]
Einig. Den siste har dessutan slektskapstilhøve som ikkje stemmer med det dei nyare fossila fortel oss.--Gunnar 4. februar 2009 kl. 07:00 (CET)[svar]