Diskusjon:Eystein Eggen (1886-1973)

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artikkelen om Eggen er en lesefryd, og eit mikroessay i seg sjølv. Men eg synest han fer lett over "bygdenazismen". Kan hende burde nokon skrive meir om Ivar Sæter og om Norsk bondenazisme. Det er en artikkel i boka her som eg trur er standardartikkelen i dette emnet:

  • Fra idé til dom. Noen trekk fra utviklingen av Nasjonal samling / Red.av Rolf Danielsen, Stein Ugelvik Larsen. - Bergen : Universitetsforl. , cop.1976 - 257 s. : tab. - (329.1) (948.18) ISBN 82-00-04996-5

--Orland 11:28, 10 desember 2006 (CET)

Essayistisk stil og nøytralt leksikon er ikkje den beste blandinga. Eg kjenner ikkje emnet frå før, og etter å ha lese denne artikkelen vart eg berre meir klar over at eg ikkje kan noko om det.
Når det står: «I standarverket om motstandsrørsla i Hedemark stend Eggen som innskrive medlem i NS. Det er truleg ei overdriving.», vert det vanskeleg å godta som leksikontekst. Kor mykje overdrive er det? Kor mange prosent NS-medlem var han? Og kva er dette standarverket?--Jorunn 15:29, 10 desember 2006 (CET)
Jeg tror at det omtalte "standardverket" som nevnes er J V Lunde si bok som står i litteraturlista her. Men jeg holder en knapp på artikkelen fra Danielsens bok (den er gammel og muligens er emnet videreført av andre forskere senere), som min gymnaslærer introduserte oss for på ELVIS en gang på 80-talet. Det pekes det på at at flere kommuner i Østerdalen (Tolga, Åmot, Elverum) hadde overraskende mange NS-medlemmer i høve til folketalet, og det blir forklart m.a. med at mange grunneiere oppfattet NS som et bolverk mot den økende og sterkt radikale fagforeningsutviklinga mellom skogarbeiderne på 1930-talet, jfr t.d. Julussakonflikta. (Tabloid: Om Hallgrim berg representerer Bunads-Høgre, så representerte Eggen og Ivar Sæter bunads-NS.)
Jeg gjør et forsøk på å skrive om den NS-setningen. --Orland 23:47, 12 desember 2006 (CET)

Her er eg dundrande usamd med Orland. Etter mi meining er artikkelen uegna som leksikonartikkel. Han er eit godt døme på eit essay, men inneheld for mange subjektive formuleringar og ovverflødige opplysingar til å vera ein god leksikonartikkel. Konklusjon: ein artikkel som krev kraftig omarbeiding. --Ekko 09:29, 13 desember 2006 (CET)