Diskusjon:Førsteklatring

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Bestige» og «bestiging» finst ikkje i Nynorskordboka [1]. Ordet kan godt nemnast i teksten, men me bør finna ei fullgod nynorsk nemning som oppslagsord. Kva med «først opp»? «Først til topps»? -- Ranveig 18. juli 2006 kl. 12:05 (UTC)

"Førsteklatring"? --Erling 18. juli 2006 kl. 12:08 (UTC)
Nei, det ligg vel i dette at det er første gong nokon er på toppen som reknast. Å berre klatre, men gje seg 10 meter under toppen reknast ikkje. Først til topps er vel greit? --Ekko 18. juli 2006 kl. 12:32 (UTC)
Frå artikkelen: "Sidan dei fleste toppar no er klatra, vil framtidige førstebestigningar dreie seg om å vere første person eller gruppe som klatrar ei ny rute opp eit fjell." Ser ut for meg som uttrykket ikkje berre gjeld først til topps, men har vidare tyding. --Erling 18. juli 2006 kl. 12:44 (UTC)
For å pirka i denne definisjonen: "Bestige" viser då vel ganske enkelt til å koma til topps? Eg vil tru at å klatra ei særskilt rute opp er ei utviding av omgrepet som er gjort i nyare tid. I bruken av mal:fjell er det òg tydeleg at det er dei første oppå fjellet som er nemnde. Eg synest likevel at førsteklatring høver bra som omsetjing. -- Ranveig 20. juli 2006 kl. 16:17 (UTC)
Når det gjeld fjell, så er vel tydinga førstemann opp på toppen/fjellet. Når det gjeld (sports)klatring, så vert ordet nytta om førstemann opp ruta; ei slik klatrerute kan gjerne slutte midt i ein fjellvegg; ein klatrar oppover eit stykke så langt som ruta til dømes er bolta. Elles kan det fort vere ei førstebestiging for ruta på vestveggen, austveggen, nordaust osv osv osv. Bruken i høve fjell-malen stemmer med det Ranveig seier, og eg tykkjer også at ordet førsteklatring kan vere ok for begge tilfella. Roger 23. juli 2006 kl. 18:53 (UTC)

Friluftsliv[endre wikiteksten]

Kvifor vart kategorien:friluftsliv teken vekk ? Andreasv 20:37, 9 mai 2007 (CEST)

Sikkert fordi Førsteklatring er ein del av kategori:Klatring som igjen er ein del av kategori:Friluftsliv. Sånn sett er han alt ein del av friluftsliv-kategorien. --Frokor 21:07, 9 mai 2007 (CEST)
Jau. Denne artikkelen høyrer ikkje heime i ein kategori som handlar om friluftsliv generelt når det òg finst ein kategori om klatring. Dén artikkelen (klatring) synest eg derimot godt kan stå direkte under friluftsliv. --Ranveig 23:37, 9 mai 2007 (CEST)