Diskusjon:Festøya

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Både Yr og Norgesglasset har berre Festøya. No har eg lova at eg ikkje skal leggje meg opp i skrivemåten av vestlandsnamn. Men sidan artikkelen veklar mellom Festøy og Festøya, lurar eg på korfor han ikkje like godt gjennomfører å skrive namnet i bunden form? Slik Rygh òg brukte, her? --Knut 25. april 2009 kl. 21:15 (CEST)[svar]

Eg er nok einig med Knut, i morgon tidleg skal eg ta ferja 0740 frå Festøya: [1]. Daglegtale både på Ytre Standal, 10 km frå Festøya innover i Hjørundfjorden, der eg kjem frå, og på Nordre Vartdal, ca 12 km langs E39 mot Vartdal, der Andreasv kjem frå, er bunden form, Festøya. --Egil Arne 25. april 2009 kl. 22:34 (CEST)[svar]
Så langt eg kjenner til er namnet på garden Festøy. (Skal røkje etter). I ferjerutene vert Festøya brukt.--Andreasv 26. april 2009 kl. 20:39 (CEST)[svar]
Her er vel det siste frå dei som bestemmer.--Andreasv 27. april 2009 kl. 08:54 (CEST)[svar]
Eit forvaltningsutval i ein kommune kan ikkje gjere gyldig vedtak om øynamn eller gardsnamn, slike avgjerder ligg til Statens kartverk [2]. --Knut 27. april 2009 kl. 18:50 (CEST)[svar]
Eg oppfattar det som Knut seier, det er Statens kartverk som kan bestemme skrivemåten for gardsnamn på matrikkelgardar. Slik har også Ørsta kommune oppfatta det, for kommunen har vedtatt at det skal heite Barstadvik, og har sendt forslaga om endring av gardsnamna Festøya og Erdalen til høvesvis Festøy og Erdal på høyring. Etter noko leiting fann eg vedtaket i Ørsta kommune sitt Uviklingsutval, og ikkje i Forvaltningsutvalet, av 4.11.2008:[3].
Så inntil det ligg føre endeleg vedtak om noko anna, så må det vel framleis heite Festøya. Eg foreslår at artikkelen no blir endra til Festøya, og at den naturlegvis blir endra til Festøy viss dette blir vedtatt. --Egil Arne 27. april 2009 kl. 21:28 (CEST)[svar]
Utføyrd! Anders 27. april 2009 kl. 21:55 (CEST)[svar]