Diskusjon:FishBase

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hm, "Wikibasert"? Bileta dei brukar er opphavsrettbeskytta med copyright, programvaren og sørvarane ser annleis ut og eg har inntrykk av at det er relativt høg terskel for å bidra på FishBase. Dei einaste openberre likskapane eg ser med oss er forbudet mot original forskning og at begge delar er bra. Nøyaktig kva ligg i "wiki"?--Gunnar Mikalsen Kvifte 01:11, 11 august 2007 (CEST)

Les Wiki. Ein wiki er ei samling hypertekstsider der brukarar sjølv kan endra innhaldet. Wikipedia er ein wiki, På denne sida ser det ut som om dei fiskar etter bidragsytarar, om enn litt lukka form enn WP. Ser då ut som FishBase kan kallast ein wiki for meg --Anders 02:43, 11 august 2007 (CEST)
Ok. Eg trudde ordet var knytt til sjølve programvara som dei fleste wikiane nyttar, så feil kan ein ta. Ut frå den offisielle definisjonen kan eg gå med på at FishBase ligga i grenselandet til ein wiki, men heilt eintydig er dette framleis ikkje. Eg synst ikkje bidragsytarfiske mellom brukarar kvalifiserar sterkt nok som "brukarar sjølv skapar innhaldet" til at ordet "wiki" bør nemnast i sjølve artikkelen.--Gunnar Mikalsen Kvifte 02:52, 11 august 2007 (CEST)
Hmm, eg ser dei på en ikkje nevner noko frå eller til om noko wiki, så du har nok rett. --84.48.91.28 03:23, 11 august 2007 (CEST)