Diskusjon:Fitjar kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Teksten om naturlivsskulen ligg for nære reklame synest eg. Har nokon uhilda synspunkt? --Ekko 16. april 2006 kl. 20:18 (UTC)


God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Fitjar[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Har arbeida med denne ei stund no, og syns den byrjar å sjå ganske bra ut. Litt usikker på rekkefølgja på bolkane og han treng sikkert ein språkvask. --Frokor 20:41, 13 desember 2007 (CET)

Har vaska litt. -- Olve 23:38, 14 desember 2007 (CET)
Korleis uttalar de namnet? Med kj-lyd og utan r, (slik at det rimer på bikkja), eller har de gjort uttalen meir bokstavrett med åra? Når eg redigerer heile artikkelen under eitt, får eg åtvaring om at han er vel lang. Er 32 KB ei grense vi bør halde oss innanfor, om artikkelen skal få stjerne? - Knut 19:34, 14 desember 2007 (CET)
Det vert ofte uttalt som Fikja, der r'en knapt kan høyrast. Eg syns ikkje lengda bør ha for mykje å seie, med mindre han er altfor lang eller altfor kort. Ein tabell eller ein mal eller noko anna med mykje kodar vil jo medverke til at talet på kb vert stort sjølv om ikkje artikkelen nødvendigvis er så lang. --Frokor 19:56, 14 desember 2007 (CET)
Rygg skriv noko om lokal uttale (fikkja), og i boka (ikkje på nettet) er dette markert med trykkmarkering og og eit merkeleg teikn for kj-lyden. Artikkelen kunne gjerne nemnd noko om lokal uttale av kommunenamnet, akkurat som ein peikar til artikkelen om lokal dialekt hadde vore eit stort pluss (kanskje nokon har skrive den artikkelen allereie?). - Knut 21:15, 14 desember 2007 (CET)
Er det ein liten, t-aktig lyd først i "kkj" (mesta som "Fit'kja" eller engelsk "Fitcha"), eller er det meir som ein tysk ch-lyd (mesta som tysk "Ficher")? I det førstnemnte fallet er ["ficça] nokolunde korrekt etter IPA; i det andre fallet er ["fiç:a] meir korrekt. -- Olve 21:39, 14 desember 2007 (CET)
Ved nærmare ettertanke er vel den tradisjonelle uttalen ganske grei. Set han inn no. -- Olve 21:41, 14 desember 2007 (CET)
Som i Fit'kja høyres mest rett ut. --Frokor 21:43, 14 desember 2007 (CET)
Ja, «fikkja» er nok meir korrekt. Fitjardialekten er nok nært opp til Sunnhordlandsdialekt, men då burde det stått noko om den greia (som eg ikkje kjem på kva heiter) der ll vert til dl, som i fjellet -> fjedlet (sjølv om det ikkje er mange som snakkar slik i dag). --Frokor 21:28, 14 desember 2007 (CET)
Næringsliv[endre wikiteksten]

Ei setning er uforståeleg der og lyt ryddast opp i av nokon som kjenner materialet — sjå innlagt kommentar. -- Olve 23:35, 14 desember 2007 (CET)

Endra base til hovudkontor. Poenget er at det er ei Fitjarbedrift som etter kvart har vorte verdsomspennande, men at «basen» eller hovudkontoret ligg på Fitjar. --Frokor 23:46, 14 desember 2007 (CET)
Nei, den uforståelege setninga er: «Her vert det teikna fiskebåtar og forskings-, offshore- og seismikkfartøy, samt ombygging.» Kva tyder dette? Vert det teikna ombygging? Byggjer dei fiskebåtane og dei andre fartøya, eller teiknar dei dei berre? Slik setninga står heng ho ikkje saman grammatisk, og ho får lesaren til å lure på kva verksemda faktisk driv med. -- Olve 23:51, 14 desember 2007 (CET)
Hm, ja ok. Dei teikner berre båtar, dvs dei fire typane som er nemnd, og i tillegg så lagar dei teikningar til båtar som skal ombyggast. Har du ei god teikning til ombygging av setningen?
Aha. Ja, da skal eg nok greie å skrive det om litt. :) Olve 01:13, 15 desember 2007 (CET)
Blir dette rett? «Her vert det teikna fiskebåtar og forskings-, offshore- og seismikkfartøy, og i tillegg planar for fartøy skal byggjast om.» -- Olve 01:17, 15 desember 2007 (CET)
Jo, det vil fungere. Eg limer inn. --Frokor 01:19, 15 desember 2007 (CET)

Eg kom på to verksemder til som eg syns burde nemnast under næringsliv-bolken. Begge desse har vore og kjem til å bli viktige for kommunen. --Frokor 02:45, 15 desember 2007 (CET)

Røysting[endre wikiteksten]

Kommentar om røysting: Fristen er 4 veker i følgje reglane, røyster mot må kome innan 11. januar 2008. Hogne 14:58, 16 desember 2007 (CET)


For For med tre atterhald: eg skulle gjerne sjå at peikarane til lyngheier og den lokale industrien ikkje var raude. Eg kan heller ikkje seie noko om kor naudsynt det er med språkvask. Ut over det er det ein god artikkel. --Ekko 14:02, 14 desember 2007 (CET)

For For Svært god artikkel (trykk på interwiki til bokmål, hehe). Kunne tenkt meg noko om målføret i Fitjar samt noko om musikk under kultur. Var ikkje Kenneth Sivertsen frå Fitjar? --Bep 18:47, 14 desember 2007 (CET)

Han var frå Bømlo. Eg har lyst på ein bolk om kjende personar frå Fitjar, men eg har ikkje heilt oversikt der. Hugsar nokon Ranveig Johnsen? Ho hadde ein svært hit med Watch That Girl på slutten av 80-talet. Albumet selde utrulige 250 000, som er særs mykje etter norsk målestokk sjølv i dag. Idol-Ørjan trur eg me droppar :-) Elles har eg ikkje heilt kontroll på målføret heller. --Frokor 18:56, 14 desember 2007 (CET)
Har ikkje høyrt om Ranveig Johnsen, 250.000 er utruleg! Vel, eg meiner framleis dette er ein "god artikkel", og den blir sjølvsagt seinare ein endå betre artikkel etter kvart. --Bep 20:13, 14 desember 2007 (CET)

For For — så lenge næringslivsbolken blir rydda opp litt i. Standarden bør vera høg når det gjeld å uttrykkje seg tydeleg og eintydig. -- Olve 23:37, 14 desember 2007 (CET)

For For Det er heilt utruleg kva Frokor har bygd opp rett framføre nasen min utan at eg såg det. Bileta! Sitata! Teksten! Og så Rompetjødno, då. --Ranveig 01:27, 15 desember 2007 (CET)

For For Det skal bli hardt å løfte Vefsn til same nivået . . . . - Knut 09:13, 15 desember 2007 (CET)

For For Ein standard å strekkje seg etter for innhald i alle andre kommuneartiklar. Roar 10:06, 15 desember 2007 (CET)

For For -- Hogne 14:58, 16 desember 2007 (CET)

For For --Anders 15:31, 16 desember 2007 (CET)

For For --Otzi123 22:48, 16 desember 2007 (CET)

Trasig not/Not working note[endre wikiteksten]

En extern länk i en not i artikeln fungerar inte. Det är denna länk, som anges i not nummer 6. Finns det någon som kan byta till en länk som fungerar?

An external link in a note in the article does not work. It is this link, which is written in note number 6. Can anyone please change to a link that works? Leo Johannes 17. august 2008 kl. 16:21 (CEST)

Jag håller nämligen på att översätta artikeln till svenska, och då är det bra om fotnoterna fungerar. Leo Johannes 17. august 2008 kl. 16:24 (CEST)
Ja, lenken var flytta. Den er oppdatert no. --Frokor 17. august 2008 kl. 17:59 (CEST)
Tack. Leo Johannes 17. august 2008 kl. 18:12 (CEST)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 24. august 2008 kl. 21:44 (CEST)

Fiksa --Frokor 8. oktober 2008 kl. 16:35 (CEST)

Melsåta[endre wikiteksten]

Kvifor blir Melsåta endra til Melen? Melsåta er det namnet eg får treff på i Norgesglasset. Gjer ein eit søk på yr.no finn ein Melsåta der òg, med opplysinga at det blei godkjent av Statens Kartverk i 1978. --Ekko 22. september 2008 kl. 20:28 (CEST)

Melen er namnet me brukar på Fitjar. Melsåta er berre namnet på sjølve toppen. Melen heile fjellet, som er naturleg og nemne her. --Frokor 22. september 2008 kl. 20:32 (CEST)
Men ettersom Melen er eit namn som ikkje finst hos Kartverket, mens Melsåta finst der, er det vel den siste som bør nemnast som 499 meter høgt? Eit fjell kan vel uansett ikkje vera høgare enn toppen sin. Den beste løysinga ville vel vera å oppgje Melsåta, og vidare gje opplysingar om lokal bruk. Eg synest det blir vanskeleg om me lar udokumenterte lokale namn få forrang framfor offisielle. --Ekko 22. september 2008 kl. 20:42 (CEST)
Men dette er ei liste over fjell, ikkje fjelltoppar. Fleire av desse fjella har fleire fjelltoppar. Som Kinno (eller K(j)idno som me eigentleg seier) som har både Stora Kinno og Litla Kinno, som ligg forholdsvis langt frå kvarandre. Klovskardfjellet som ligg mellom Melen og Kinno har tre toppar. Nord for Kinno ligg Midtfjellet med toppane Fitjarsåto (Fitjarsåta i Norgesglasset) og Beinatjødnvarden (Beinatjørnvarden i Norgesglasset). Melen har to toppar, Melsåta og ein mindre topp litt lenger aust. I staden for å lage ei liste over alle fjelltoppar så syns eg det var meir naturleg og nemne heile fjella eller massiva eller kva ein vil kalle dei. Kvifor berre toppen på Melen er nemnd i Norgesglasset, medan t.d. både Midtfjellet og toppane er nemnd, veit eg ikkje, men det er inkonsekvent. Forbausande mange namn som er annleis i Hordaland enn det ein kunne forvente og det folk er vant til. Kor Norgesglasset får desse formene sine frå anar eg ikkje. Til og med vegskilta er forskjellige og søker ein på desse stadane som står på vegskilt så finn ein dei faktisk ikkje i Norgesglasset, for dei har sett andre namn på dei. Her er ei historie frå lokalhistorikaren Karl Gloppen med bilete av måleriet hans «Det brenn på Melen». --Frokor 22. september 2008 kl. 21:11 (CEST)
Dette skiljet mellom fjell og fjelltoppar kjem ikkje fram i andre artiklar her på wikipedia, t.d. i lista over dei høgaste fjella i Noreg eller i artikkelen om fjell. Der er så vidt eg kan sjå definisjonen på eit fjell ein topp med primærfaktor over femti. Og me har vel blitt samde om at Stadnamnregisteret (ved Norgesglasset) har forrang framfor lokal namnebruk. For å få dokumenterbar kunnskap i artikkelen kan det vel stå spesifisert kva namn toppen har i Stadnamnregisteret, som høgda er målt på? --Ekko 23. september 2008 kl. 11:12 (CEST)

Plantar[endre wikiteksten]

Er ikkje bergflette og vedbend det same? Og veks det ikkje selje eller vier (Salix) på Fitjar? Banangraut 25. juni 2009 kl. 20:35 (CEST)

Det første anar eg ikkje. Kjelda mi har eg ikkje her lenger, men begge stod garantert nemnd der. Kan vere det same for det. Selje står alt nemnd. --Frokor 26. juni 2009 kl. 00:21 (CEST)