Diskusjon:Fjøre

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forskjellen på fjøre sjø og fjøre[endre wikiteksten]

Grunnen til at der var to forskjellige artiklar, er at dei i teorien skildrar to forskjellige ting. Fjøre sjø er fenomenet med lågvatn (kontra flo), medan fjøra er den delen av strandsona som er omfatta av dette fenomenet, dvs omlag frå den nedre grensa ved fjøre sjø og øvre for flo. Eg har ikkje nemneverdig mykje å skrive om dette, men eg vil tru at ein fagmessig (til dømes ein biolog) vil kunne finne mykje å skrive om som ikkje er relatert til flo/fjøre og dei mekanismane som forårsakar det. Larsivi 13:22, 9 oktober 2006 (UTC)

Kva med å forklara heile tidvassfenomenet på tidvatn, med omdirigering frå flo, høgvatn, lågvatn og peikar frå fjøre (som eg er einig bør handla om den biologiske sona)? -- Ranveig 13:45, 9 oktober 2006 (UTC)
Einaste poenget med omdirigeringa var at dei var kliss like slik som dei var, men sida Fjøre hadde med litt fleire begrep som nippfjøre, valde eg den. Elles er eg heilt einig. -- Frokor 15:10, 9 oktober 2006 (UTC)