Diskusjon:Fjell i Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

For å følgje mønsteret frå Innsjøar i Noreg, Fjordar i Noreg, Ordførarar i Noreg mfl bør vel artikkelen flyttast til Fjell i Noreg? --Knut 18:58, 23 april 2008 (CEST)

Einig. Og ikkje minst Kategori:Fjell i Noreg. Ein kunne argumentert for at artikkelen kunne handle om fjell på Jan Mayen, Dronning Mauds land osv., men desse er ikkje nemnd her. --Frokor 19:02, 23 april 2008 (CEST)

Når ein listar dei høgste toppane, bør ein angje kva for primærfaktor ein nyttar. For å sitere:

Til dømes er ikkje Keilhaus topp (2355 moh.) så ofte med på lister over dei høgaste fjella i Noreg, sidan toppen har ein primærfaktor på berre ca. 20 meter, sjølv om toppen er eit av dei høgaste punkta i Noreg.

Då er det rart å ta med til dømes Store Memurutinden (M) med berre 10 meter primærfaktor. Eg tykkjer me skal sette grensa på 30 meter, slik at me har 230 toppar over 2000 meter i Noreg. -- Hogne 15:23, 24 april 2008 (CEST)

Eg ser no at det i Høgaste fjell i Noreg er valt ein primærfaktor på 50 meter. Det er vel då naturleg å nytte den same lista her. Hogne 15:31, 24 april 2008 (CEST)
Ja, det var det eg skulle til å sei. Årsaka til at det valgt 50 meter der har me karta som er brukt (1:50000) for å lage lista. Med dei karta går det ikkje an å finne alle fjelltoppar med lågare primærfaktor på grunn av ekvidistansen. Eg hadde uansett tenkt å føreslå å korte ned lista i denne artikkelen, både fordi ho er litt for lang i ein slik type artikkel, og fordi me no har den andre lista i tillegg. Kanskje ho kunne stå med den primærfaktoren som er der no, men kutte ned til t.d. dei 25 høgste toppane? Eller kanskje det vert forvirrande for lesarane om ein må forholde seg til to lister som ikkje ser like ut? --Frokor 16:21, 24 april 2008 (CEST)
Dersom det er kvalitetssikra at dette er alle dei høgaste toppane med primærfaktor på meir enn 10 meter, så kan topp 25-lista få stå. Viss ikkje, så er primærfaktor på 50 betre, også her. Hogne 16:40, 24 april 2008 (CEST)
I følge kjelda til lista så er lista komplett, men eg brukte ikkje langt tid på å finne fjell over 2000 m som ikkje er med (Geite 2002 moh, p.f. på minst 30 m). Dømet var derimot kanskje dårlig sidan nye kart kan ha juster høgda til over 2000 m. --Frokor 16:51, 24 april 2008 (CEST)
Eg ser at det der også er diskusjon om kva for toppar som skal inn på lista. Det er nok fleire uklare toppar når p.f. blir så liten som 10 meter. Eg foreslår at me vel 50 meter og viser til nfo2000m sine lister for p.f. på 10. -- Hogne 17:16, 24 april 2008 (CEST)
Ja, ei grei løysing. --Frokor 17:22, 24 april 2008 (CEST)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 24. august 2008 kl. 21:45 (CEST)[svar]

[daud lenkje]